Spesialpedagog - fast 100 % stilling - Pedagogisk støtteteam
Alver kommune
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Spesialpedagog - 100 % stilling Fast stilling
Om stillinga
Det er ledig eit tal stillingar som spesialpedagog i Pedagogisk støtteteam for barnehagar. Fortrinnsvis heile / 100% stillingar.
Arbeidsoppgaver
Som spesialpedagog vil du arbeide med barnehagebarn ut frå sakkunnige vurderingar frå PPT og vedtak om spesialpedagogisk hjelp.
Du vil også arbeide med førebyggande tiltak i barnehagen.
Du vil ha arbeide i kommunale og private barnehagar i kommunen.
Kvalifikasjonskrav
Du har utdanning som barnehagelærer med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk.
Ønska kompetanse
Vi er særleg ute etter deg som har
- 60 studiepoeng eller master innan spesialpedagogikk for aldersgruppa
- Arbeidserfaring som barnehagelærar innafor det ordinære barnehagetilbodet
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid
- Du har ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
Vi tilbyr
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
- Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring.
- God pensjonsordning i KLP
- Nettverk saman med andre spesialpedagogar, der ein samarbeidar, støtter og utfordrar kvarandre.
Vilkår /Politiattest
Det er krav om godkjend polititattest etter barnehagelova ved tiltreding.
Om arbeidsgiveren
Avdelinga Spesialpedagogisk støtteeining ligg under tenesteområde barnehage. Denne avdelinga er inne i ei omorganisering via prosjektet Universell Pedagogikk med utgangspunkt i Kompetanseløfte for spesialpedagogikk og inkluderende praksis. Målet med prosjektet er å sjå på organiseringa av det spesialpedagogiske arbeidet, styrking av den spesialpedagogiske kompetansen ute i barnehagane og å arbeide med ein inkluderande praksis i den einskilde barnehage.
Avdelinga vil ha om lag 10 tilsette spesialpedagogar med oppmøte plass ute i barnehagane, men med faste nettverk saman.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Spesialpedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395079856
- Sist endret