Ingeniør Veg, vatn og avløp
Midt-Telemark kommune
- Frist 17.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Ingeniør Veg, vatn og avløp
Teknisk sektor med eining for veg, vatn og avløp har ansvar for drift og vedlikehald av ca. 35 mil med vatn- og avløpsleidningar. I tillegg har avdelinga ansvar for 17 mil med kommunale vegar, 3 vassverk og 5 avløpsreinseanlegg.
Eininga har eit godt arbeidsmiljø med 11 tilsette i alder frå 30-åra til over 60 år. Me har fokus på å jobbe i team og alle bidrar for å løyse dei utfordringane det fører med seg at anlegga skal fungere 24 timar i døgnet heile året. Dette er verdiar det vil bli lagt stor vekt på.
Arbeidsoppgåver
Viktige arbeidsoppgåver for stillinga vil mellom anna være:
- Delta i planlegging av drift, internkontroll, vedlikehald og investeringar innan veg, vatn og avløp
- Prosjektledelse investeringsprosjekter
- Deltagelse og bidra i fagplanar
- Rapportere til sentral myndigheit
- Arbeid med kommunens styrings- og driftsovervakingssystem
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar:
- Relevant ingeniørutdanning, bachelornivå
- Høveleg praktisk erfaring kan i spesielle tilfelle kompensere for utdanningskravet
Ønska kompetanse
- Erfaring frå tilsvarande arbeid
- Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Særskilde krav
- Førarkort kl. B
- Det er ein fordel å disponere egen bil, men ikkje eit absolutt krav
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig og interesse for faget.
- Prosjektforståing
- Resultat- og løysningsorientert.
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- Lagspelar, med evne til å spele andre gode.
Personlege eigeneskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10900 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, VAR-teknikk, Vassdrag
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ingeniør, VAR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395109990
- Sist endret