Bildegalleri

God plass til parkering på tomta. To utvendige bodar i tilknytning til carport.

Stor einebolig til leige på Straume, Sotra, frå og med august 2025

Kart med kartnålStorhilderen 46, 5354 Straume
Månedsleie
26 000 kr
Depositum
70 000 kr
Inkluderer
Breiband

Nøkkelinfo

Primærrom
206 m²
Bruksareal
235 m²
Boligtype
Enebolig
Soverom
4
Etasje
2.
Leieperiode
01.08.2025
Dyrehold tillatt
Ja
Bruttoareal
262 m²
Energimerking
E

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Møblert
Balkong/Terrasse
Barnevennlig
Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Parkett
Peis/Ildsted
Rolig
Sentralt
Utsikt
Turterreng

Beskrivelse

Arkitektteikna funkisbolig frå 70-talet sentralt ved Straume på Sotra, leigast ut frå og med rundt 1.august 2025.

Vi er ute etter nokon som vil leige og ta godt vare på huset vårt medan vi bur på Sunnmøre i eitt eller fleire år.

Eineboligen er plassert sentralt på Straume. Det er gongavstand til Straume terminal (ca 5 minutt), med hyppige bussavgongar til Bergen, samt Sartor Storsenter, helsesenter med terapibasseng, ulike barnehagar og til skule, men sjølve tomta er heilt skjerma frå kystbyen.

Tomta har sol fra morgon til kveld, og har panoramautsikt mot sjøen og hyttefeltet på Nordre Bildøy. Huset har to store terrassar med lite innsyn og le for ulike vindretningar.

Hovudetasjen har:
- Vaskerom med eigen inngong
- Romsleg oppholdsareale med garderobeskap.
- Open løysing med stove og kjøkken med utsikt over sjøen, og utgong til ein svært lun og delvis overbygd sørvendt terrasse / platting.
- To soverom (eit stort og eit lite)
- Romsleg bad med dusjhjørne og badekar (og sjøutsikt også her).
- Store vindusflater

Underetasjen har:
- Kjellerstove med eit lite, enkelt kjøkken
- Romsleg oppholdsareale og utgong til ein stor vestvendt terrasse og hageflekk
- Bad
- To romslege soverom
- Rikeleg med bodplass.
- Eigen inngongsdør til underetasjen.
- Utvendig reiskapsbod.

Oppvarming:
Varmepumpe i stova oppe. Vedovn i kjellerstova.

Parkering:
Boligen har carport med plass til ein bil og eigen parkeringsplass til gjester. I carporten finns også to utvendige bodar.

Boligen har nær tilkomst til brygge med moglegheit for båtplass (men vi har ikkje lagt ut bøye), og det er ein stor leikeplass rett ved huset.

Huset er møblert, og inkludert i husleiga er wifi og kommunale avgifter.

Straum er ikkje inkludert.

Vi vonar å høyre frå seriøse leigetakarar med gode referansar, nokon som kan vere løysingsorienterte og lett å kommunisere med dersom det skulle dukke opp utfordringar undervegs i leigeperioden.

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Trenger du en kontrakt?

  • Hakemerke
    Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Hakemerke
    Digital signering
  • Hakemerke
    Gratis tjeneste
  • Hakemerke
    Godkjent av Forbrukerrådet

Nærområdet

Kart med kartnålStorhilderen 46, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode395119385
Sist endret05. mars 2025 19:26

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.