Rektor
Knarvik vgs. Vestland fylkeskommune
- Frist 18.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du ein samlande leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og vil utvikle profesjonsfellesskapet i skulen?
Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor for Knarvik vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Knarvik vgs har omlag 900 elevar og om lag 170 tilsette.
Skulen tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, TAF/YSK-modellen, tilrettelagt opplæring, påbygging til generell studiekompetanse og vaksenopplæring.
Knarvik vidaregåande skule legg til rette for ein aktiv skulekvardag i eit fargerikt og spennande miljø med læring og vekst for alle. Skulen spelar ei viktig rolle for, og har eit tett samspel med næringslivet i regionen.
Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Ansvarsområde for stillinga:
- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
- Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
- Vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
- Leie strategi- og utviklingsprosessar
- Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
- Personalleiing
- Utvikle samhandling med rettleiingstenesta
- Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
- Økonomistyring
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing
Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg. Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar.
Det er ønskjeleg at du:
- har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
- set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
- byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
- har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
- markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
- opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
- har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
- forståing for god økonomistyring
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskapar
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er
- open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
- har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
- har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
Vi tilbyr
- givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
- deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse.
Andre opplysningar
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Stillinga er ledig frå 1. august 2025.
For fleire opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med områdeleiar Hillevi.Elizabeth.Runshaug@vlfk.no mob. 48045397.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
Nøkkelord
rektor, Skoleledelse, videregående skole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395143835
- Sist endret