Resepsjonist
Hotel Union Øye
- Frist 2025-03-24
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer resepsjonist med genuin interesse og forståing for god service og vertskapsrolla til eit svangerskaps-vikariat
Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift med fokus på hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi har det blitt investert i ei omfattande utbyggjing og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.
Vi søkjer ein engasjert og utadvent resepsjonist. Som resepsjonist er du ein av nøkkelpersonane og førstelinja av vertskapet ved hotellet. Du har og faste rutineoppgåver i resepsjonen. Du må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som blir motivert av å skape store opplevingar og yte service av første klasse. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit godt trena auge for detaljar. Du bør være strukturert og løysingsorientert. Vi er eit lite hotell, der ein må rekne med arbeid på tvers av avdelingane. Denne stillinga er eit svangerskaps-vikariat med moglegheit for forlenging.
Har du erfaring innan hotell og/eller reiseliv, gjerne med resepsjonsarbeid er dette ein fordel. Vi oppmodar og andre serviceinnstilte personar til å søke, då opplæring vil bli gitt. Alle søkjarar må beherske eit skandinavisk språk og engelsk både munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale.
Kontakt Operation Manager Kathrine Øye tlf. 481 15 608 for ytterlegare opplysningar. Søknadar behandlast fortløpende. Tiltredelse snarast.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: 6196 Norangsfjorden
- Bransje: Hotell og overnatting
- Stillingsfunksjon: Resepsjon
Nøkkelord
service, luxury, hospitality
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395197334
- Sist endret