
Ledige stillingar for helsefagarbeidare ved Voss sjukehus
Helse Bergen
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Karriere i Medisinsk seksjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost.
Stillinga er ledige frå 01.04.2025 eller etter avtale.
Vi har ledig 100% fast stilling for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit. Helse Bergen satsa på utvikling av helsefagarbeidar/hjelpepleiar og tilbyr eige kompetanseprogram for denne yrkesgruppa. Programmet gjev deg grunnleggjande ferdigheiter i til dømes handtering av infusjonspumpe, PVK og permanent kateter til kvinner. Med kompetansesatsing ynskjer vi å oppnå personlig vekst blant våre helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og skapa eit godt grunnlaget for samarbeid.
Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg.
OM AVDELINGA
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. Sengepostane har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset.
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfylgjing av pasientar
- Observasjon av pasientar (NEWS)
- Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Personlege eigenskapar
Vi tenkjer at du:
- Er ein god teamarbeidar
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Likar utfordringar
- Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikla kompetansen din
Vi tilbyr
- Opplæring med fadder
- Medverknad til arbeidsplan
- Deltaking i kompetanseutviklingsprogrammet til Helse Bergen
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø i Medisinsk seksjon og på Voss sjukehus
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5700 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsefagarbeidar, helsefagarbeider, hjelpepleier, Voss sjukehus, Medisinsk avdeling Voss
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395242117
- Sist endret