
Saksbehandlar/rettleiar
Brønnøysundregistrene
- Frist 12.03.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Saksbehandlar/rettleiar
Om stillinga
I avdeling registerforvaltning får du moglegheit til å bli kjent med offentleg sektor gjennom saksbehandling og andre arbeidsoppgåver retta mot norsk næringsliv og frivillig sektor. Vi treng deg som har lyst til å bidra i ein travel arbeidskvardag der omstilling og endring gir oss spennande oppgåver og utfordringar.
Vi ønsker medarbeidarar som lever opp til verdiane våre: offensiv, positiv og påliteleg. Du skal vere ein pådrivar og bidra til forenkling for brukarane våre. Du skal bidra i saksbehandling, rettleiingsoppgåver og vidareutvikling av registera våre.
Vi søker inntil 6 personar i engasjement som førstekonsulent frå 01.04.2025 til 31.12.2025. I tilfelle internt opprykk kan det bli ledig stilling som konsulent i same periode, opplys i søknaden om dette er aktuelt for deg.
Arbeidsoppgåver
- jobbe sjølvstendig med saksbehandlaroppgåver som krev fagleg kompetanse med betydeleg innslag av skjønnsvurderingar
- rettleiing internt og eksternt i fleire kanalar
Kvalifikasjonar
Du må ha
- utdanning frå høgskole/universitet på bachelornivå eller høgare
- relevant praksis kan i spesielle tilfelle kompensere for noko av utdanningskravet
- digital kompetanse eller ferdigheiter
- gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk
Det er fint om du også har
- relevant arbeidserfaring, for eksempel frå bank- og finans, revisjon og/eller rekneskap, arbeid med selskapsrett, offentleg forvaltning eller liknande.
- utdanning innan økonomiske, samfunnsvitskapelege eller juridiske fagområde
Personlege eigenskapar
- du må ha gode samarbeidsevner og samtidig ha evne til å jobbe sjølvstendig
- du må vere nøyaktig og ha god arbeidskapasitet
- du må vere løysingsorientert og positiv til nye utfordringar
- du må vere kvalitets- og resultatorientert
Dette får du hos oss
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) som har ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- moderne kontorlokale med fantastisk utsikt over Helgelandskysten. Sjå den flotte arbeidsplass og byen vi bor i på Havnegata 48 (https://www.havnegata48.no/)
- hjelp til å skaffe bustad
Stillinga er midlertidig og du blir tilsett som førstekonsulent med årsløn frå kr 470 100 - 575 400, avhengig av utdanninga og kvalifikasjonane dine. Prøvetiden er fire måneder.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for arbeid, kan vi formidle kontakt med desse.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr - uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Verd å merke seg før du søker
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Ta gjerne kontakt
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Kjetil Mathisen tlf.nr. 913 09 355 eller Einhild Evensen tlf.nr. 926 21 296.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395274156
- Sist endret