
Nettverksingeniør
Helse Vest IKT
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Nettverksingeniør - brannmur
Helse Vest IKT leverer IT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit.
Seksjon for Datakommunikasjon har no ei ledig stilling innanfor området nettverkstryggleik. Som en del av nettryggingsteamet vil ein jobba med automatisering, regelhandtering og dagleg drift av brannmurar og feilsøking saman med dyktige kollegaer.
Me kan tilby spennande oppgåver i teknisk drift i eit av Vestlandets største datanett. Helse Vest IKT leverer nett for over 30.000 sluttbrukere og med ein variert utstyrsdatabase. Team Nettsikkerhet arbeider med teknologiar basert på løysingar fra Palo Alto, Citrix, Vmware og Cisco. Du kan sjølv velja om du vil arbeida frå Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger.
Du kan gjerne være nyutdannet.
Arbeidsoppgåver
- Drifte og vidareutvikle nettverket og sikkerhetsløsningene i Helse Vest
- Automatisere løysingar knytt til nettverket, dømes for konfigurasjon og endringar
- Dagleg drift av Palo Alto-brannmurer
- Kontinuerleg utvikling av løysingane til Helse Vest, og samarbeide tett med andre fagområde
- Feilsøking og 3. linjesupport innanfor nettverksdrift, og optimalisering av eksisterande infrastruktur
- Kunnskapsdeling
- Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald (ITIL)
- Drift av eigne støttesystemer
- Andre forefallande oppgåver innan fagområdet
Kvalifikasjonar
- IT-utdanning på universitets- eller høgskole- eller fagskolenivå.
- Erfaring med drift av nettverk og IT-infrastruktur.
- Erfaring med drift av brannmur og regelsett-håndtering.
- Kunnskap om Palo Alto Networks sikkerhetsløsninger.
- Kunnskap om scripting og automasjonsløsninger er ein fordel (til dømes Ansible, Terraform, Python eller tilsvarande)
- Relevante sertifiseringar tel positivt
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Du tar initiativ, og planlegg og prioriterer dine arbeidsoppgåver
- Ikkje redd for å utveksle eigne idear og er villig til å sjå på alternative måter å produsere tenestene våre
- Du tar ansvar for dine fagsystem og hjelper ved høve til når det oppstår naudsituasjonar utanfor normal arbeidstid
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er flink til å dele kompetanse
- Sjølvgåande og med eit ønske om å vere oppdatert og vidareutvikle infrastrukturen
Vi tilbyr
Høyrast det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Spennande arbeidsoppgåver innanfor moderne teknologi, og produkt frå "øvste hylle"
- Smidig tankesett, arbeidsmetodikk og produktorganisering
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet
- Gode kurs- og konferansemoglegheiter
- Moglegheit for medlemskap i bedriftsidrettslag
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit
- Lunsjpause er inkludert i arbeidstida
- Nye kontorlokale på Kronstad X med eiga kantine
- Fleksible arbeidsordningar, med blant anna fleksitid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. Pensjonen er ytingsbasert og varar livet ut
- Løn etter avtale
- Overtidskompensasjon
- Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer
- Moglegheit for telefon og breibandstøtte
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
brannmur, nettverk, firewall, sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395286031
- Sist endret