
Jurist, restansenedbyggingsteam
NAV
- Frist 12.03.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Juristar til restanseteam uføretrygd
NAV klageinstans har ansvar for å førebu ankesaker til behandling i Trygderetten. I dag blir anken sett fram for NAV klageinstans, som førebur anken og sender den til behandling i Trygderetten. Det er no føreslått ei lovendring frå 2026, om at anken skal setjast fram direkte for Trygderetten.
Som følgje av dette forslaget, må klageinstansen byggje ned ankerestansane sine. Dette vil gjelde alle fagområda, men utfordringa vil vere størst på uføreområdet. Det vil difor bli oppretta eit eige restansenedbyggingsteam på uføreområdet, lokalisert ved avdelingane våre i Tromsø og Bergen.
Til restansenedbyggingsteamet har vi ledig fire mellombelse stillingar for juristar. Oppgi i søknaden om du ønskjer arbeidsstad Bergen eller Tromsø. Tilsetjingsforholdet vil vare ut 2025, med moglegheit for forlenging. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding. For deg som er nyutdanna jurist, gir dette god moglegheit for å få relevant saksbehandlarerfaring og kompetanse på folketrygdlova.
NAV klageinstans er organisert som ei nasjonal eining med seks avdelingskontor, leia av ei styringseining. Totalt er vi ca. 240 medarbeidarar.
Klageinstansen består av engasjerte medarbeidarar som behandlar klager over vedtak gjorde i NAV. Vi førebur også ankesaker for behandling i Trygderetten og hjelper til i saker for Lagmannsretten. Vi jobbar for å forbetre kvaliteten i saksbehandlinga i NAV og bidrar i arbeidet med utvikling av rundskriv og tekstar ved nye lover, større lovendringar eller ved endring av praksis.
Arbeidsoppgåver
Stillingane vil inngå i restansenedbyggingsteamet på uføreområdet som skal førebu ankar til Trygderetten. Primært vil dette vere ankar etter folketrygdlova § 12-5, § 12-13 tredje ledd (ung ufør) og eventuelt andre bestemte delar av uføreområdet.
Kvalifikasjonar
- utdanning som jurist (juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap) med dokumenterte kunnskapar i norsk forvaltningsrett og gjerne trygderett. Nyutdanna blir oppfordra til å søkje.
- god forvaltningsrettsleg kompetanse, saman med saksbehandlarerfaring, vil vere ein fordel, men er ikkje påkravd.
- evne til å formulere deg klart og brukarvennleg, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Av personlege eigenskapar ønskjer vi at du har evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt med god kvalitet, samt at du er strukturert og beslutningsdyktig. Det å kunne arbeide i team og vere engasjert og fleksibel er også viktige eigenskapar. Vi vil leggje stor vekt på at du er personleg eigna og på motivasjonen din.
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjert juridisk fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver, høgt tempo og klart definerte mål
- eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- avlønning i lønnsspenn frå kr 570.000 til kr 710.000 i kode 1434 Rådgjevar
- vi ber alle søkjarar om å leggje ved aktuelle vitnemål og attestar.
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Killengreens gate 2, 9008 Tromsø
- Bransje: Juridiske tjenester
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
jurist, ankebehandling, rådgiver, Tromsø, Bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395293975
- Sist endret