
Saksbehandlar
Kartverket
- Frist 17.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Saksbehandlare
Om stillinga
Kartverket sitt kundesenter ligg i Ullensvang og vår hovudoppgåve er å hjelpe folka som tek kontakt med kundesenteret vårt. Dei har varierte spørsmål om eigedom, kart, sjøkart og alt det andre Kartverket er involvert i. I tillegg arbeider vi med saksbehandling innanfor ulike fagområde.
Kartverket i Ullensvang starta som kundesenter for tinglysingsfaget. I dag er vi kundesenter for heile Kartverket, dermed kan du utvikle deg innanfor mange ulike fagområde. I tillegg har vi ansvaret for tinglysing av burettslagsandelar. Digitale verktøy er kvardagen vår. Dei fleste tenestene våre er digitale, eller i ferd med å bli digitalisert. Kundane tek i hovudsak kontakt via telefon. Medan andre vel chat eller e-post.
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur me du vil trivast hjå oss! Og du vil jobbe saman med ein engasjert, sosial og fagleg dyktig gjeng.
Vi er 45 tilsette som har felles kontorplass i Kinsarvik. Kartverket Ullensvang treng stadig fleire på laget og har no ledig tre faste stillingar og to årsvikariat som saksbehandlar. Kanskje du blir ein av oss? Ta kontakt da vel!
Bli kjent med Kartverket (https://vimeo.com/547660862)
Arbeidsoppgåver
Når du kjem til oss får du god opplæring om eigedom og tinglysing, og du får også litt innblikk i mykje av det andre Kartverket driv med. I hovudsak vil arbeidsoppgåvene vera å:
- Arbeide på kundesenteret og svare på spørsmål som kjem inn via telefon
- Saksbehandling innanfor ulike fagområder
- Svare på chat eller e-post
- Utføre andre oppgåver kan også bli aktuelt
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning på bachelornivå innan juss, eigedomsfag, samfunnsfag eller anna relevant studieretning
- Utdanning frå utlandet må vera godkjend av HK-dir
- Relevant eigedomsfagleg erfaring vert tillagd vekt
- Forståing og god bruk av digitale verktøy og tenester
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Positiv og hjelpsam
- Gode kommunikasjonsferdigheitar
- Tålmodig og forståelsesfull
- Gode samarbeidsevner
- Endringsdyktig
Me tilbyr
- Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Stillinga blir løna som førstekonsulent eller rådgivar, frå kr 490 000,- til kr 590 000,- etter kvalifikasjonar
- Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
Vi trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set vi brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Vi har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.
Om søknaden din
Fyll ut felta “Utdanning" og “Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Kartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Om arbeidsgiveren
Frå sjø til land. Frå det ytste verdsrommet til djupaste havbotnar. Me i Kartverket veit at alt skjer ein stad, og at geografisk informasjon og eigedomsinformasjon er viktige komponentar i utviklinga av berekraftige samfunn og nye digitale, produkt og tenester.
Våre ambisjonar på vegne av Noreg er store. Me er over 800 stolte kartverkstilsette som kvar dag står opp og bidreg til at Noreg skal verta leiande i bruken av geografisk informasjon. I 2024 vart me tildelt den prestisjefylte “Bedre Stat”-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eigedomshandel.
Vår jobb er å gjere det enkelt å samle, bearbeide og dele stadfesta informasjon.
Våre data spelar ei nøkkelrolle i framtidas berekraftige samfunn og for å finne svar på framtidas klimautfordringar. Me er statens fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å bygge og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunar, statlege organ og private aktørar.
Me har 13 kontorstadar frå sør til nord, samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Me treng stadig fleire på laget. Kanskje du vert ein av oss?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Sandvikevegen 9, 5780 Kinsarvik
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Eiendom, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Sentralbord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395432234
- Sist endret