Serviceteknikar VVS/KEM
Helse Fonna HF
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Serviceteknikar VVS/KEM
Er du serviceteknikar? Då håper vi du vil bli vår nye kollega på Stord sjukehus!
Vil du jobbe med VVS-teknologi i eit miljø der fagleg utvikling, samarbeid og engasjement står i fokus? Vi søkjer ein serviceteknikar som vil bidra til drift, vedlikehald og vidareutvikling av dei tekniske anlegga våre.
Hos oss blir du ein del av eit dyktig og triveleg team som sikrar stabil og effektiv drift av sjukehuset. Her får du varierte og spennande arbeidsoppgåver, gode utviklingsmoglegheiter og ein arbeidskvardag der du både jobbar sjølvstendig og saman med kollegaer for å finne dei beste løysingane.
For deg som kjem tilflyttande kan vi tilby tenestebustad i ein overgangsfase.
Klar for nye utfordringar i eit godt arbeidsmiljø? Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Drift og kontroll av tekniske anlegg ved hjelp av SD-system.
- Kontroll, feilsøking og utbedring på VVS tekniske system og anlegg.
- Følgje opp og bidra til viareutvikling av føretakets FDVU- og IK-system innan VVS.
- Inngå i tverrfagleg team for drift & vedlikehald.
- Inngå i seksdelt vaktordning.
Kvalifikasjonar
- Utdanna VVS/KEM servicetekniker frå fagskule med relevant fagbrev. Erfaring kan kompensere for fagskolekrav.
- Rett person har god kompetanse på ventilasjon-, byggautomasjon- og/eller kulde- og erfaring fra drift og vedlikehold av komplekse VVS systemer.
- Kan bruke IT-systemer som en naturlig del av arbeidet.
- Du må beherske grunnleggende dataverktøy, Word, Excel, Outlook, Power Point.
- Dataverktøy som SD anlegg, FDV systemer og andre datasystemer for dagleg drift, må beherskes. Opplæring vil bli gitt,
- Har du relevante fagbrev kombinert med lang erfaring innan fagfeltet kan også være aktuelle.
- Du må beherske norsk skriftlig og muntlig.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som
- har stor interesse for faget.
- trivs med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper.
- har godt humør og er flink på å se etter løysingar.
- er ryddig og kvalitetsbevisst.
- har fokus på høgt servicenivå mot andre avdelinger på sykehuset.
- er tydelig og presis i kommunikasjonen. God til å formidle informasjon munnleg og skriftleg.
Kvifor skal du velje oss?
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Høgt fagleg nivå.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: VVS- og klimateknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
servicetekniker, vvs, kem, drift, vedlikehold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395509407
- Sist endret