
Pasientportører
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 13.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Pasientportører
Er du vår nye pasientportør? Seksjonen for forsyning og interntransport er nøkkelen til sømløs logistikk på sjukehuset!
Vi søker no dyktige portørar som ønsker å gjere ein forskjell for pasientane våre. Her får du ei betydeleg rolle i å sikre at sjukehuset går rundt ved å koordinere pasienttransport, vareflyt, og mykje meir. Bli med oss og ta eit steg mot ei spennande karriere i eit miljø som verdset mangfald og samhandling!
Pasientportørtenesta skal no samlast under éin seksjon og utvidast. I den samanhengen vil det bli noko turnusarbeid, og det vil vere behov for portørar på dag, kveld og helg. Det vil også vere behov for nokre mindre stillingsprosentar.
Dersom du ønskjer ei mindre stillingsprosent, må du skrive dette i søknadsteksten.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir skanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Prioritert oppgåve vil vere pasienttransport inne på sjukehuset.
- Sengelogistikk (nye og brukte senger til og frå sengesentralen).
- Forflytting av utstyr og varer mellom ulike avdelingar og varemottak.
- Andre portørtenester.
Kva oppgåver du kan utføre, vil avhenge av kompetansen din. Her finst det mange moglegheiter – i nokre tilfelle vil intern opplæring kunne gi nye utviklingsmoglegheiter.
Kvalifikasjonar
- Har erfaring frå helsesektoren.
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Har gode IKT-kunnskapar.
Det er i tillegg ein fordel om du:
- Har portørfagbrev eller andre fagbrev innanfor helse og omsorg.
- Har erfaring frå liknande arbeid eller omsorgsyrke.
Personlege eigenskapar
- Er serviceinnstilt og klarer å omstille deg raskt ved akutte behov.
- Er opptatt av og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Er engasjert, fleksibel og har godt humør.
- Har god helse. Arbeidet kan vere fysisk krevjande og tidvis hektisk.
- Vil vere med på å utvikle seksjonen og portørfaget.
- Er punktleg og pliktoppfyllande.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Logistikk og lager, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395555741
- Sist endret