Barnevernskonsulent
Austevoll kommune
- Frist 28.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Barnevernskonsulent 100% vikariat
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å legga til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Om stillinga
Barneverntenesta i Austevoll kommune er liten, men vi har store visjonar og treng deg med på laget!
I Austevoll barnevernteneste jobbar vi saman som eit team. Vi har stort fokus på kvalitet i alle avgjerder vi tar. Brukarmedverknad og samhandling på tvers av einingar er høgt prioritert. Vi er ein del av «laget til barnet».
Grunna utdanningspermisjon, har vi ledig eit vikariat i 100% stilling frå 14.07.25 til 31.07.26
Arbeidsoppgåver
Som barnevernskonsulent har du ansvar for å undersøke at barn og unge har det godt der dei bur, og bidra til at familiar får den hjelpa dei treng. Dette kan mellom anna innebere:
- Saksbehandling etter barnevernslova
- Arbeid med undersøkingar og tiltak i og utanfor heimen, fosterheim og institusjon
- Utgreiing av barn sin omsorgssituasjon, saksframstilling og vere kommunen sin part i sakar som vert fremma for Barneverns- og helsenemnda
- Samtalar med barn, unge og deira føresette
- Tiltaksarbeid direkte mot barn eller familiar
- Godkjenning og rettleiing av besøksheimar og fritidskontaktar
- Førebyggande barnevernsarbeid saman med andre tenester
- Delta i utviklingsarbeid på fagområde
- Noko reiseverksemd og ettermiddagsarbeid må påreknast i stillinga. Dette kan også gjelde reise med fly til andre deler av landet.
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjoner og krav
- Stillinga krev fortrinnsvis bestått bachelorgrad i sosialt arbeid, sosionom eller barnevernspedagog
- Søkar med anna relevant høgskuleutdanning på bachelornivå kan vurderast dersom ein har master i barnevern, kan vise til minimum 2 års erfaring frå kommunal barnevernteneste, eller har allsidig erfaring frå arbeid med barn og foreldre som er relevant for arbeid i barneverntenesta
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Krav om framvist politiattest
- Førarkort av bil
Ønsker - Relevant vidareutdanning er ein fordel
- COS, EFT, Marte Meo eller anna rettleiingskompetanse
- Erfaring frå kommunal barnevernteneste vil bli vektlagt
- Evne til systematisk og effektivt arbeid blir vektlagt
- Evne og vilje til fleksibilitet
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- har evne til å møte barn og deira føresette med openheit, audmjukheit og respekt
- har gode samarbeidsevner
- har god evne til fagleg refleksjon
- har god arbeidskapasitet
- tåler å arbeide under press med korte tidsfristar
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
har evne til å jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Det er ein føresetnad at du har forståing for barns medverknad og dokumentasjonskravet som ligg i stillinga.
Vi tilbyr
- Arbeid i team
- Direktekontakt med barn, unge og deira familier
- Å vera viktig i nokon sitt liv
- Å bidra til å beskytte barn og unge i samfunnet
- Å få jobbe i eit barnevern som er involvert i fleire spennande utviklingsprosjekt
- Fagleg utvikling i eit kompetent, engasjert og godt arbeidsmiljø
- Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
- Ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar
- Fleksibel arbeidstid
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheitar for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Løn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5.400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395645320
- Sist endret