
Sommervikarer 1078 Betjent
Ålesund fengsel
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sommervikarer 1078 Betjent
Om stillinga
Ålesund fengsel har behov for 1078 betjenter til å bistå oss med sommaravvikling 2025.
Vi treng deg som vil bidra til å skape og gjennomføre ein straff som endrar ved å vere både rollemodell, samtalepartnar og rettleiar. Vi treng deg, som kan sette grenser når du må, vise omsorg når du kan og vere med å løyse konflikter før dei vert for store. Som fengselsbetjent/betjent har
du ei viktig rolle i vårt arbeid med å sikre at dagens innsette kan bli morgendagens gode naboar.
Å jobbe i fengsel gir verdifull erfaring med menneske som er i ein vanskelig livssituasjon og passar særleg godt for deg med bakgrunn frå å arbeide med menneske i vanskelieg livssituasjon som til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog, politi eller for deg som ønsker å jobbe med endringsarbeid.
Det vil bli gjennomført teoretisk og praktisk opplæring av alle vikarar i løpet av april. Opplæringa er obligatorisk
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste i turnus med daglege oppgåver knytte til innsette
- mottak og kontroll av alle inn og utgangar frå fengselet
- følgetjeneste/vakthold bistand med framstillingar
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
- arbeide etter måla i tildelingsbrevet utøve tjenesten i henhold til lov-og regelverl på ein etisk forsvarleg måte slik at ro, orden og sikkerheit blir overheldt.
Utdanning og erfaring
Som 1078 betjent må du minst oppfylle krav for inntak til utdanningssenteret på KRUS som er:
- 20 år eller eldre
- generell studiekompetanse
- søkarar som er 25 år eller eldre kan søke om å bli realkompetansevurdert. Minimumskrav for disse søkerne er bestått skriftlig eksamen i norsk hovedmål (393 timer) og relevant yrkespraksis
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT- system eller verktøy
- god helse, fysikk og psykisk
- førerkort klasse B, manuelt gir
- vandel det ikkje er noko å utsette på. Ei uttømande politiattest vil bli etterspurt før du kan ta til i sommarjobben
For å kunne jobbe som 1078 betjent må du kvalifisere deg i 5 modular for fysisk maktanvendig. Opplæringa blir gitt av godkjente instruktørar i Ålesund fengsel, og du får lønn under opplæringa.
- Søkarar som har kapasitet til og bistå oss juni, juli og august vil bli prioriterte.
Dersom du ønsker det, kan det verte aktuelt å vere tilkallingsvikar etter at sommarvikariatet er slutt.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å søke gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
evne til tryggleikstenking og grensesetjing
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjonsordningar
- stillinga 1078 betjent har lønnspenn fra 389 000 - 509 300 pr.år, avhenging av ansiennitet/ fagbakgrunn/kvalifikasjonar. Det vert trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Elinda Erstad tlf. 70118347.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Kippervikgt. 16, 6003 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395678686
- Sist endret