
Spesialist i allmennmedisin
Helse Bergen HF
- Frist 22.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Spesialist i allmennmedisin
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2025 eit budsjett på 164 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri. I tillegg er Helse Bergen sitt eBehandlingstilbod ein del av Bjørgvin DPS.
Vi søker etter ein engasjert spesialist i allmennmedisin som ønsker å vere ein del av vårt team for spiseforstyrringar ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk, med eit godt arbeidsmiljø. I tillegg til Spiseteamet har poliklinikken eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg, eit MBT-team, to allmennteam, eit Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team.
Spiseteamet ble opprett på Tertnes i 2022. Bakgrunnen for opprettinga av temaet var å samle kompetansen for spiseforstyrring og utvikle gode behandlingstilbod for pasientgruppa. Teamet består av: Spesialsjukepleiar som teamkoordinator og behandlar, psykologar, uttrykksterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, ernæringskonsulent, spesialist i allmennmedisin og frå sengeavdeling overlege i psykiatri og spesialsjukepleiarar. Fleire av teamet sine medlemmer har spesialutdanning i kognitiv terapi for spiseforstyrring og i tillegg til individuell terapi i poliklinikken er det tilbod om gruppebehandling i kunst- og utrykksterapi og psykomotorisk terapi for pasientgruppa. Pasientane kan leggjast inn i sengeavdelinga og det er et etablert samarbeid med Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS).
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk vurdering og overvaking av pasientane i samarbeid med fastlege
- Delta i konsultasjonar med pasientens terapeut og deira pårørande
- I nokre høve ha eigne konsultasjonar med pasientar
- Delta i dei tverrfaglege team møta og samarbeidsmøte med RAS
- Arbeide med vidareutvikling av det faglege arbeidet for pasientgruppa
Kvalifikasjonar
- Spesialist i allmennmedisin
- Norsk autorisasjon
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Fagleg engasjert og nysgjerrig
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er ein god teamarbeidar og trivast med tverrfagleg arbeid
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
- Overlapping med noveranda spesialist i allmennmedisin som går av med pensjon
- Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av allmennfeltet
- Eit nytenkjande og utviklande fagmiljø
- Lønn i henhald til gjeldande avtalar
- mogleik for auka stillingsprosent ved DPS.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Overlege, Spesiallege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Spesialist i allmennmedisin, Bjørgvin DPS, Allmennpsykriatrisk poliklinikk, Tertnes, Poliklinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395700750
- Sist endret