Konsulent
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage)
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein administrativ deltidsjobb (20 prosent) ved sidan av studiane?
Vi søkjer student som ønskjer å jobbe med administrative oppgåver i eit tverrfagleg miljø, skjeringspunktet mellom juss og medisin.
Dette er ein fast 20% stilling.
Arbeidsoppgåver
Du vil i hovudsak hente inn oppdaterte opplysningar i saker og svare på førespurnadar frå brukarar. Du kan i tillegg få sekretæroppgåver for rettssaksavdelinga vår, og anonymisere og publisere vedtak.
Det kan oppstå endringar i organiseringa og i arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Du studerer juridiske fag,minimum 3. studieår
- Du har relevant erfaring frå offentleg verksemd
- Du har erfaring med kundeservice/kontorarbeid
- Du har erfaring med Public 360
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Du har god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er omgjengeleg og serviceinnstilt
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du tek initiativ og arbeider sjølvstendig
- Du er fleksibel og open for nye arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Eit kompetent fagmiljø med tverrfagleg samarbeid mellom juss og medisin
- Eit godt arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
- Flotte og moderne lokale midt i Bergen sentrum
- Innplassering som konsulent (stillingskode 1065)
- Lønn i samsvar med vår lønnspolitikk
Les dette før du søkar!
Du må sende søknaden, laste opp relevante attestar, og dele vitnemål via Vitnemålsportalen i Webcruiter. Vi vurderer ikkje søknadar utan vedlegg.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i Webcruiter. Avkryssingane blir berre brukt til å velje ut dei riktige kandidatane og i anonymisert statistikk.
Opplysningar om søkjarar kan bli gjort offentlege. Dersom du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngje ønsket ditt. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje.
Om arbeidsgiveren
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten er et forvaltningsorgan under Helse- og omsorgsdepartementet. Vi er et av Norges største fagmiljøer innen erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre, og Bergens største samlet fagmiljø for jurister. Faglig styrke, engasjement, respekt og evne til å være dynamisk gjenspeiler virksomheten og verdiene våre. Du finner mer informasjon om oss på www.helseklage.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Krinkelkroken 1, 5014 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396102017
- Sist endret