Avdelingsleder
H2 Hardanger AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
H2 jaktar avdelingsleiar som tar oss vidare!
H2 Hardanger AS satsar på Voss!
H2 Hardanger AS er den nye utfordraren innan prosjektering og prosjektadministrasjon på Vestlandet. H2 Hardanger AS skal vere lettbeint og ukomplisert – og jobbar etter filosofien
«Me vinn saman!»
H2 har blitt ein solid aktør i marknaden, dette gjev oss mange nye mogelegheiter samstundes som det skapar store forventningar.
Me har eit stort spenn i oppdrag, alt frå små timebaserte oppdrag innan prosjektering til prosjektadministrasjon på nokon av dei største prosjekta i akvanæringa.
I tillegg til å levere tenester til eksterne kundar er H2 Hardanger AS samarbeidspartnar i den lokale totalentreprenøren Fuglafjell AS. Saman med solide firma i Voss og Hardanger er Fuglafjell AS tufta på «lokal utvikling» og «kortreist kunnskap» og står fjellstøtt i regionen vår.
H2 jaktar avdelingsleiar som tar oss vidare!
H2 søkjer ein strategisk og engasjert leiar, som vil vere med å utvikle selskap og tilsette til nye høgder. Du må ha evne til å skape eit inspirerande og godt arbeidsmiljø. I tillegg til dine kommersielle evner, ynskjer me og at du har sterk fagkompetanse.
Som ny avdelingsleiar på Voss ønskjer me at du har lokal tilknyting og deler våre ambisjonar knytt til vekst og samarbeid.
For å lukkast må du:
- vere initiativrik, allsidig og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- vere kundeorientert og ein god relasjons- og nettverksbyggjar
- vere strukturert, kvalitetsbevisst og fagleg engasjert
- sjå kundens behov
- vere open for nye utfordringar
- vere ein god og positiv støttespelar i teamarbeid – «Me vinn saman!»
Kvalifikasjonar:
- Ingeniør eller sivilingeniør
- Bransjeerfaring innan prosjektering og/eller prosjektadministrasjon
- Leiarerfaring eller ynskje om å bli ein god leiar
- God økonomi- og forretningsforståing
- Flink til å sjå moglegheiter
- Evne til å løyse kompliserte oppgåver på ein «ukomplisert» måte
- Du må ha evne til å skape entusiasme og med ditt gode humør bidra i vårt positive arbeidsmiljø
I ei spennande stilling får du:
- ta del i eit selskap i vekst og mange dyktige fagfolk
- eit makelaust arbeidsmiljø der «Me vinn saman!»
- stor mogelegheit for å påverke eigen arbeidskvardag og utvikling
- delta i spennande prosjekt og varierte arbeidsoppgåver
- gode vilkår
- ein fleksibel arbeidsdag i nydelege omgjevnader på Voss og i Hardanger
Ta gjerne kontakt med Partner i Headvisor, Trond Henanger – tlf 47 30 20 61, Epost: trond.henanger@headvisor.no for ein hyggeleg prat om stillinga. Du kan og kontakte Thomas Mælen, tlf 920 51 043 dagleg leiar i H2 Hardanger.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
H2 Hardanger AS har kontor i Norheimsund, på Voss og i Bergen.
H2 blei grunnlagt i 2006 som reindyrka byggteknisk ingeniørfirma. Sidan oppstart har H2 bidratt i langt over 2000 små og store prosjekt.
Porteføljen er mangfaldig og inneheld eit vidt spekter av prosjekt: prosessanlegg, næringsbygg, fleirhusvære, hotell, skular, barnehagar, sjukehus, reinseanlegg, bruer, kraftstasjonar, kunstinstallasjonar og mykje anna.
Dei siste åra har aktiviteten i større grad byrja å famne over andre tenester enn reine RIB-oppgåver. Prosjektadministrasjon har etter kvart blitt ein vel så stor del av kvardagen i H2 Hardanger AS.
Etter fisjon i 2019 blei Hardangerkontoret til H2 Byggeteknikk AS overført til H2 Hardanger AS.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: 5700 Voss
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Bygg og anlegg, Eiendom
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
ledererfaring, prosjektering, akvanæring, ingeniør, løsningsorientert
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396105978
- Sist endret