Forretningsutviklar
Sogn og Fjordane Energi
- Frist 2025-03-16
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å skape grøn vekst?
Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skaper den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt.
I fjor etablerte vi eit nytt utviklingsselskap, og det er her du kjem inni biletet! Nyvinn - frå SFE er selskapet som skal setje fart på grøn vekst og utvikling i regionen vår, og her treng vi DEG på laget. I Nyvinn jobbar vi med å utvikle prosjektidear og investere i tidlegfase-selskap, enten åleine eller i samarbeid med andre. Akkurat no jobbar vi med prosjekt innan biogass, hydrogen og landstraumsanlegg for skip.
Vi skal utvide satsinga vår og søkjer derfor etter deg som er ein dyktig og engasjert forretningsutviklar som kan vidareutvikle prosjektportefølja til Nyvinn.
Du har gode kommunikasjonsevner, er god på å knyte kontaktar og likar å reise ut på oppdrag for å møte både nye og eksisterande samarbeidspartnarar. Du er strukturert, grundig og trivst godt med å jobbe sjølvstendig. I teamet ditt er du ein god bidragsytar og lagspelar som bidreg til å styrke teamet og nå felles mål.
Du har helst høgare utdanning, gjerne med mastergrad innan økonomi, realfag, IKT eller tilsvarande, men nokon års erfaring kan kompensere for relevant utdanning. Helst har du erfaring frå strategiarbeid, forretningsutvikling og/eller prosjektleiing. Gode kommunikasjonseigenskapar i norsk og engelsk er eit krav.
Nyvinn har i dag tre tilsette og er del av SFE. Vi jobbar tett med fagmiljøa i SFE, som har hovudkontor på Sandane. Det er her du har din faste oppmøteplass dei fleste dagane i veka, når du ikkje er på farten. Du kan også nytte våre kontorfasilitetar i Førde, Svelgen og Ålfoten. SFE og Nyvinn er i ei positiv utvikling, og har fleire nye og spennande utviklingsprosjekt på gang!
Difor skal du velje oss!
Hos oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag saman med eit engasjert team som er viktig for veksten og verdiskapinga til selskapet. Fornybar energiproduksjon er høgteknologisk, og vi er stolte av å vere eit framtidsretta selskap som arbeider kontinuerleg mot å innfri vårt samfunnsoppdrag - å skape den fornybare framtida.
Vi håpar at du ser ei spennande moglegheit til å nytte din forretnings- og økonomikompetanse hos oss. Som ein del av SFE og Nyvinn vil du oppleve å jobbe i eit selskap som set stor pris på sine tilsette. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår siste medarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre av våre største styrker.
Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre og tilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – er med oss i alt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Vi vurderer innkomne søknader fortløpande inn mot søknadsfristen.
Kontaktperson: Dagleg leiar Nyvinn AS, Roger Flølo, telefon 997 37 800
- Sektor: Privat
- Sted: 6823 Sandane
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396107172
- Sist endret