
Spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til ny sengepost for geriatri
Helse Bergen HF
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med på laget! Vi søker medarbeidarar til ny sengepost for akuttgeriatri og infeksjon
Vi opnar ny sengepost hausten 2025. Vil du vere med å forme ny sengepost og gi den beste behandlinga til eldre, skrøpelege pasientar med akutt funksjonssvikt eller akutte infeksjonar?
Vi bygger opp eit nytt tverrfagleg team og treng sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsefagarbeidarar som ønsker å vere med frå starten.
- Fast tilsetting og 100% stilling i klinikken
- Spennande fagmiljø med fokus på geriatri, infeksjonsmedisin og heilskapleg pasientbehandling
- Tett samarbeid i eit tverrfagleg team – vi lærer av kvarandre og utviklar oss saman
Kvifor velje oss?
Bli med frå starten! Dette er ei unik moglegheit til å vere med på å skape eit trygt og sterkt arbeids- og fagmiljø frå dag éin.
Fagleg utvikling: Vi tilbyr kurs, rettleiing og kompetanseutvikling innan geriatri og infeksjonsmedisin.
Variert kvardag: Ingen dagar er like!
Kven ser vi etter?
- Sjukepleiarar – både nyutdanna og erfarne
- Spesialsjukepleiarar innan geriatri, infeksjon, palliasjon eller liknande
- Helsefagarbeidarar med erfaring frå sjukehus, sjukeheim eller heimeteneste (hos oss får du spennande og varierte oppgåver)
- Deg som er engasjert, trivst med teamarbeid og ønsker å gjere ein forskjell
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
For sjukepleiar/spesialsjukepleiar:
- Heilskapleg sjukepleie til eldre pasientar med akutte og komplekse tilstandar
- Observasjon, vurdering og oppfølging av pasientens helsetilstand
- Administrering av medikament og andre behandlingsprosedyrar i tråd med gjeldande retningslinjer
- Samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell for å sikre tverrfagleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande, inkludert informasjon om behandling og rehabilitering
- Dokumentasjon av pasientopplysningar i elektronisk pasientjournal
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg kvalitetsforbetring
For helsefagarbeidar:
- Grunnleggande pleie og omsorg til eldre pasientar, inkludert hjelp med personleg hygiene, ernæring og mobilisering
- Observasjon og rapportering av endringar i pasientens tilstand til sjukepleiar eller lege
- Assistere sjukepleiarar og anna helsepersonell i medisinske prosedyrar og dagleg oppfølging av pasientar
- Tilrettelegging for eit trygt og godt pasientmiljø
- Samarbeid med pårørande og andre yrkesgrupper for å sikre heilskapleg omsorg
- Handtering av medisinsk utstyr og praktiske oppgåver på avdelinga
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kvalifikasjonar
For sjukepleiar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå sjukehus, sjukeheim eller heimeteneste er ønskeleg, men nyutdanna er også velkomne til å søke
- Interesse for geriatri, infeksjonsmedisin og akuttmedisin
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel
For spesialsjukepleiar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning innan geriatri, infeksjonsmedisin, palliasjon, intensiv eller anna relevant fagområde
- Erfaring frå sjukehus eller relevant spesialisthelseteneste
- Gode ferdigheiter i klinisk vurdering, medikamenthandtering og pasientbehandling
For helsefagarbeidar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus, sjukeheim eller heimeteneste er ønskeleg
- Interesse for å jobbe med eldre pasientar og akutte medisinske tilstandar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trygg og omsorgsfull – Evnar å skape tryggleik for eldre, sårbare pasientar gjennom god kommunikasjon og omsorg
- Fleksibel og løysingsorientert – Taklar uforutsigbare situasjonar og finn gode løysingar i ein travel arbeidskvardag
- Gode samarbeidsevner – Trivst i eit tverrfagleg miljø og samarbeider godt med både kollegaer og pårørande
- Tolmodig og roleg under press – Bevarer roen i krevande situasjonar og gir pasientane den støtta dei treng
- Fagleg engasjert – Har interesse for geriatri og ønsker å bidra til kvalitetsutvikling og fagleg vekst
Vi tilbyr
- Tryggleik i jobben og gode utviklingsmoglegheiter
- Arbeid i eit spesialisert team med fokus på geriatri, infeksjonsmedisin og heilskapleg pasientbehandling
- Vi legg til rette for kurs, rettleiing og kompetanseutvikling innan geriatri, infeksjonsmedisin og akuttbehandling
- Varierte og spennande arbeidsdagar – Jobb med pasientar med komplekse og akutte tilstandar i eit dynamisk miljø
- Vi jobbar tett saman i eit team med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og anna helsepersonell
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø – Vi ønskjer eit team der vi støttar, lærer av og utviklar oss saman
- 3 delt turnus
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 30
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
spesialsykepleier, sykepleier, helsefagarbeider, geriatri, ny sengepost
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396263596
- Sist endret