
Seniorrådgivar økonomi
NAV
- Frist 17.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår neste seniorrådgivar innan økonomi?
Visste du at Nav forvaltar ein tredjedel av Norges statsbudsjett? Med din kompetanse innanfor økonomi kan du vere med på å sikre at ressursane våre i Nav Vestland blir brukt på best mogleg måte, og bidra til vårt viktige samfunnsoppdrag.
Vi søker ein kollega til økonomiteamet vårt. Økonomiteamet har ei sentral rolle i økonomioppfølginga i Nav Vestland, og i teamet jobbar vi som sparringspartnarar for kverandre. I jobben vil du gje støtte i økonomiske spørsmål, til både fylkesleiinga og dei ulike Nav-kontora i fylket. Med eit bredt spekter av arbeidsoppgåver, involvering i ulike prosjekt og samarbeid med medarbeidere frå heile fylket vil du få erfaring frå alle nivå i økonomioppfølginga i Nav Vestland.
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med omtrent 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling økonomi og analyse, avdeling HR og organisasjon, avdeling partnarskap og kommunikasjon og avdeling fag og tenester.
Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i en organisasjon som aldri står stille!
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Budsjettering, oppfølging og prognosearbeid
- Bistå i planlegging, fordeling og presentering av budsjett til regionane/lokalkontorane
- Leiarstøtte og opplæring på økonomifeltet til regionane/einingane i Nav Vestland
- Analysearbeid, vurderingar og anbefalingar til fylkesleiinga
- Oppfølging av driftrekneskap, fristar og rapportering
- Fakturahandtering
- Forbetring av oppgåveflyt og prosessar
- Sikre kontinuerleg kvalitetsforbetringar i økonomiarbeidet
- Delta i ulike arbeidsgrupper og utviklingsprosjekter for økonomifeltet i Nav
Kvalifikasjonar
- fullført utdanning innanfor økonomi på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring med å koordinere mellom ulike arbeidsoppgåver og kontaktpersonar
- erfaring frå økonomioppfølging
- gode digitale ferdigheiter og interesse for nye dataverktøy og fagsystem
- Kunnskap om avanserte funksjonar og formlar i Excel
Det er ein fordel om du har:
- kjennskap til Lean-metodikk
- gode rettleiingsevner
- kjennskap til ulike type økonomiverktøy og visualiseringsverktøy
Vi nyttar mellom anna Tableau, PowerBI, Micro Strategy, Anaplan, Planning, Analytics Unit4 og Oracle Business suite
Personlege eigenskapar
Stillinga inneber mange kontaktpunkt, og vi ser derfor etter ein person med gode relasjons- og samarbeidsevner, samt kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.
Stillinga vil mellom anna jobbe med analyse, prognose og forbetringsarbeid, så for å trivast i rollen ser vi etter eit analytisk hode som motiveres av forbetringsarbeid og å finne nye løysingar. Vi bruker nye, oppdaterte økonomisystem, og ser gjerne at den nye ressursen på økonomi har stor interesse for digitale løysingar og kan være ein pådrivar for å utnytte systemane best mogleg.
På fylkeskontoret samarbeider vi tett og tverrfagleg, og ein som trivs med samhandling og bidrar til et godt samarbeidsklima vil passe godt inn hos oss.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Bli en del av eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i ein stor offentlig virksomhet
- Bli del av eit innovativt miljø med stort fokus på kontinuerleg forbetring og utvikling
- Ulike velferdsgode som fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogleheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 690 000 til 750 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomi, Analyse, Controller, Rådgiver, Regnskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396278114
- Sist endret