Strukturingeniør
Leirvik AS
- Frist 31.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Strukturingeniør
Leirvik AS si ingeniøravdeling har rundt 100 høgt kvalifiserte medarbeidarar med ulik bakgrunn, utdanning og fag. Me søkjer no ein ingeniør som kan bidra til å utvikle og styrke kompetansen vår innan fagområdet struktur og marine.
Me søkjer etter ingeniørar med erfaring, men nyutdanna eller studentar i avsluttande masterutdanning vil også bli vurdert. Dei rette kandidatane vil inngå i eit tverrfagleg og engasjerande arbeidsmiljø.
Dersom du har svart Ja på at du ynskjer at din søknad skal vurderast mot stillinga som Bruingeniør også, så treng du ikkje legge inn søknad på begge stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Analyse og design av lastbærande strukturar i aluminium og stål
- Berekningar og dokumentasjon av plate og fagverkskonstruksjonar
- Planlegging og dokumentasjon av løft og transport av større seksjonar/modular
- Fagleg ansvarleg i prosjekt innan struktur, marine og vekt
- Kontakt med kunde, tredjepart-verifikatør og andre aktørar i prosjekter
- Koordinering og samarbeid med andre fag
Ynskja kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan konstruksjon/marineteknikk/byggteknikk/matematikk/fysikk - kortare utdanningsløp kan kompenserast med lang og relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til aktuelle regelverk som Norsok, Eurocode og DNVGL
- Erfaring med FE-beregningsprogram, lokalanalyse og handberekningar
- Forståelse for global og lokal lastpåkjenning på konstruksjonar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, muntleg og skriftleg
- Løysningsorientert
- Strukturert og sjølvstendig
- God forståing for praktisk byggeverksemd
- Nytenkjande og kreativ
- Omgjengeleg og lagbyggjar
Me tilbyr
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i "Leirvik-familien"
- Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
- Gode pensjons- og velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Leirvik AS er ei moderne verksemd med over 300 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter meir enn 50 år som leiande innan design, bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, har me utvida satsinga vår til nye område som infrastruktur, akvakultur og havvind, samstundes som me held fram vår sterke posisjon innan LQ og moduler.
Vårt ingeniørmiljø utviklar teknologi og løysingar for blant anna bustadhotell, bruer og landbasert oppdrett– både på eige verft på Stord og offshore.
Omstilling har alltid vore ein del av vår reise, og suksessen vår byggjer på ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste: Me har gode folk på alle plan!
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Storhaugvegen 130, 5416 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg, Maritim og offshore, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Rør/struktur, Strukturingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396292970
- Sist endret