
Driftsteknikar/lokalitetsansvarleg avd. Radøy
Lingalaks AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli ein del av Lingalaks?
Me søkjer driftsteknikar/lokalitetsansvarleg til vårt produksjonsteam på Radøy
Lingalaks søkjer etter engasjerte medarbeidarar til lokalitetane våre på Radøy. Har du erfaring frå næringa og eit ynskje om ekstra ansvar kan du også vera aktuell som lokalitetsansvarleg. Dette fører med seg ekstra ansvar for dagleg drift og er kompensert med eit eige tillegg.
I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.
Du kan lesa meir om korleis me arbeider med berekraftig matproduksjon i berekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.
Viktigaste arbeidsområde:
- Drift av lokalitet, dvs. kontroll og tilsyn av fisk.
- Vedlikehald, løpande kontroll og ettersyn av driftsutstyr, anlegg, båtar og bygningar, samt reinhald og fokus på biosikkerheit.
- Delta ved smoltutsett, fôrmottak, notskift, avlusing, levering av fisk etc.
- Journalføring og rapportering.
- Avlasta driftsleiar ved behov.
- Delta i selskapet si vaktordning.
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Strukturert, ryddig og nøyaktig.
- Kunne arbeide sjølvstendig, vera handlekraftig og løysningsorientert.
- Har stå-på-vilje, er positiv og likar å arbeide i team.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande, samt maritim erfaring eller erfaring frå fiskeoppdrett er ein fordel, men gode kandidatar vert vurdert uavhengig av dette.
Lingalaks tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår
- Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
- Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling, samt anledning til å få meir ansvar i selskapet
Om arbeidsgiveren
Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".
- Sektor: Privat
- Sted: 5936 Manger
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
driftsoperatør, akvakultur, havbruk, fiskehelse, røkter
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396296146
- Sist endret