Skipsførar i sambandet Askvoll-Gjervik-Fure, p.t. MF Davik
Fjord1 AS
- Frist 13.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for å ta roret?
Drøymer du om ein arbeidskvardag der du kombinerer leiarskap, navigasjon og eineståande naturopplevingar? Som skipsfører på MF Davik får du sjansen til å styre eit fartøy med historie og sjarm, og samtidig vere ein del av framtidas miljøvennlege ferjedrift!
No søkjer vi ein engasjert skipsførar til sambandet Askvoll - Gjervik - Fure, p.t. MF Davik. Dette er meir enn ein jobb – det er ein livsstil som gir deg ei fin kombinasjon av tryggleik, utvikling og friheit.
Kvifor velje Fjord1?
- Ein kvardag utanom det vanlege: Jobb i vakre omgjevnader langs kysten og opplev korleis det er å vere ein del av noko større.
- Perfekt balanse mellom arbeid og fritid: Med vår fleksible døgnskiftordning (2 veker på, 1 veke av / 2 veker på, 3 veker av) får du meir tid til familie, hobbyar og kvile.
- Ekte lagånd: Bli ein del av eit samansveisa team med trivelege og dyktige kollegaer som stiller opp for kvarandre.
- Trygg framtid i eit leiande selskap: Fjord1 er ein trygg arbeidsgivar med langsiktige kontraktar og ambisiøse planar for grønn teknologi og innovasjon.
- Gode fasilitetar og bustadordning: Vi tilbyr hybelordning ved sambandet, slik at du kan ha ein praktisk og behageleg kvardag.
Ein dag om bord på MF Davik: Her får du meir enn berre ein rutinejobb - du blir ein sentral del av eit profesjonelt mannskap som har det kjekt på jobb, samstundes som de sikrar trygg og effektiv transport. Vår skipsførarar fortel om ein arbeidskvardag der dei både kan utvikle seg fagleg og nyte fleksibiliteten som kjem med skiftordninga. Fleire av dei set spesielt pris på at dei kan kombinere karriere til sjøs med eit aktivt familieliv - noko som kan vere sjeldan i bransjen!
Dine hovudoppgåver
- Ta ansvar for trygg og effektiv drift av fartøyet
- Sikre god sikkerheitsstyring og energileiing
- Leie og motivere mannskapet om bord
- Sørgje for punktleg og påliteleg transport
- Andre oppgåver i tråd med stillingsinstruksen
Vi ser etter deg som
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS -sertifikat
- Har sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gar gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi leiter etter ein kompetent og ansvarleg skipsførar med solid erfaring innan maritime operasjonar og ledelse. Du bør ha ein sterk forståelse for sikkerheitsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske beslutningar i krevande situasjoner. Som skipsførar vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter tariffavtale med NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar som f.eks hytter og leiligheter, rabattordningar, og sosiale turar
- Skiftordning: Døgnskift (2 veker på, 1 veke av, 2 veker på og 3 veker av).
- Hybelordning
- Moglegheiter for fagleg utvikling og karriere innan maritim sektor
Ta kontakt dersom du har spørsmål - vi vil gjerne snakke med deg!
Om arbeidsgiveren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: 6980 Askvoll
- Bransje: Maritim og offshore, Reise og turisme, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Dekksoffiser, Ledelse, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Skipsfører, Kaptein, Dekkoffiser, Ferje, Maritim
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396339988
- Sist endret