Rådgjevar
Sogn Sparebank
- Frist 18.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli rådgjevar i Sogn Sparebank – ei variert rolle i eit sterkt team med lokal forankring.
Sogn Sparebank er i vekst og søkjer ein engasjert rådgjevar på personmarknaden i Årdal som vil vere med på å styrke og utvikle banken.. Du blir ein del av eit fagleg sterkt team og får mogelegheit til å utvikle deg med rolla.
Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag i eit dynamisk miljø, der du får moglegheita til å bidra til lokal verdiskaping. Ynskjer du ei spennande stilling i ein bank med sterk forankring i lokalsamfunnet? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Behovsretta og heilskapleg rådgjeving innan bank, forsikring, sparing og plassering
- Finne fram til dei beste løysingar for den enkelte kunde
- Kundeoppfølging og utvikling av eigen portefølje
- Jobbe både i team og sjølvstendig med resultatoppnåing
- Jobbe aktivt med å tiltrekke nye kundar og skape vekst for banken
- Kontinuerleg kompetanseutvikling
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Lagspelar med interesse for personleg økonomi
- Relasjonsbygging og evne til å møte kunden på ein god måte
- Samfunnsengasjement og interesse for lokalsamfunna
- Økonomibakgrunn. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Fordel med salserfaring
- Fordel med bankfaglege autorisasjonar, eller motivert til å gjennomføre nødvendige autorisasjonar med god støtte frå banken.
- Oversikt over lokalt næringsliv, og det kan bli mogelegheit for å jobbe mot bedriftsmarknaden også
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og rettleiar gjerne kundar i bruk av våre digitale løysingar både på norsk og engelsk
Hjå Sogn Sparebank får du store moglegheiter til å utvikla deg både personleg og fagleg i eit godt arbeidsmiljø. Arbeidskvardagen er variert, og du vil få kollegaer som bidreg til å løyse oppgåver saman når det trengst. Som person er du sjølvgåande og initiativrik – du har gjerne eit ynskje om å bidra til kompetansedeling på arbeidsplassen. Sogn Sparebank ser fram til å ta imot sin nye kollega på kontoret i Årdal.
Banken tilbyr konkurransedyktige vilkår på løn og andre personlege goder. Gode mogelegheiter for å påverke eigen arbeidssituasjon og har ein av marknaden sine beste pensjons-, lån og forsikringsordningar.
Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 95844394/ jon.gjerde@visere.no. Om du vil kan me halda namnet ditt fortruleg overfor oppdragsgivar i første omgang. Me ser fram til å høyra frå deg snarast eller innan 18.03. Gå inn på visere.no og legg inn søknaden og CVen din.
Om arbeidsgiveren
Sogn Sparebank er eigd frå Sogn, styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.
Sogn Sparebank har ein desentralisert struktur utan hovudkontor, Me er sterkt til stades i Sogn, med kontor i Aurland, Lærdal, Vik, Sogndal, Øvre Årdal og Årdalstangen. I tillegg til har vi eit kontor sentralt i Bergen.
Banken er ein del av Eika Alliansen. Alliansen består av 46 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, Lokalbankane er spreidd utover store delar av landet og bidreg til økonomiske vekst og tryggleik for privatkundar og næringsliv i sine marknadsområder. Dette gjer Eika til ein av dei største aktørane i den norske bankmarknaden – og ein av dei viktigaste aktørane for norske lokalsamfunn.
- Sektor: Privat
- Sted: 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning, Saksbehandler
Nøkkelord
rådgjeving, bank, forsikring, kundeoppfølging, økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396358142
- Sist endret