
Assisterande rektor ved Voss folkehøgskule
Stiftinga Voss folkehøgskule
- Frist 23.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye assisterande rektor?
Stillinga som assisterande rektor byd på spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Som rektor sin næraste medarbeidar, og stedfortredar, er du aktivt med i leiinga av skulen og den pedagogiske utviklinga av skuletilbodet.
Me ynskjer ein inkluderande og tydeleg person, som bidreg til samhald og trivsel mellom
elevar, og mellom elevar og tilsette. Du må vera oppteken av å byggja gode og trygge
læringsmiljø, som kan fremja danningsideala i folkehøgskulen.
Stillinga er ledig frå 1. august 2025, og er 100%, delt mellom undervisning og
leiing/administrasjon. Planlegging og organisering av skuleåret er mellom dei viktigaste
arbeidsoppgåvene.
Du som ynskjer denne stillinga må ha
- relevant utdanning på høgskulenivå og pedagogisk kompetanse
- undervisningserfaring og evt leiarerfaring, gjerne frå folkehøgskule
- endringsvilje og ynskje om å bidra til å vidareutvikle skulen
- oppgåver knytt til pedagogisk utviklingsarbeid og resultatoppfølging i tråd med skulens vedtekne prosjekt og satsingsområde
- evna til å arbeide strukturert og systematisk
Me kan tilby ein unik og variert jobb i lag med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Løn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Greitt å vite om du ikkje kjenner Voss:
På Voss finn du eit variert kulturliv med mange tilbod. Naturen rundt oss byr på alt! Du kan vandra på stiane oppi skogen, padla på Vangsvatnet nokre steinkast unna skulen, og på dei rette dagane kan du køyre på ski heilt heim frå skisenteret.
Voss Herad har eit godt skuletilbod med Gullfjordungen barneskule rett ved. Her er også to nye vidaregåande skular med stor breidde i fagtilbod.
Utfyllande informasjon om skulen og stillinga finn du her: https://www.voss.fhs.no/skulen/stilling-ledig/
Livet er herleg, gje gass og søk!
Om arbeidsgiveren
Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule. Skulen har ei 130 år lang historie der tradisjon og nyskaping går side om side. Skuletunet er bygd på ein vakker gamal gard som ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, like utanfor sentrum av kultur, ski-og ekstremsportbygda Voss. Me har eit variert læringstilbod med høgt fokus på personleg utvikling og kreativ utforsking.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Eskelandsvegen 28, 5704 Voss
- Bransje: Barn, skole og undervisning, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
engasjert, inkluderende, samarbeid, strategisk tenkning, kommunikasjon
Flotte elevar (1/27)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396412346
- Sist endret