
Personvernrådgivar
UDI
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Spanande karrieremoglegheit som personvernrådgivar hos UDI!
Vil du vere med og styrke personvernarbeidet i Utlendingsdirektoratet (UDI)? Vi søkjer ein dyktig rådgivar/seniorrådgivar til personvernteamet vårt! Personvernteamet gir råd og rettleiar heile verksemda og dei registrerte om personvern, samstundes som vi arbeider strategisk med personvern etter ei risikobasert tilnærming.
I UDI får du moglegheita til å arbeide med heile breidda av personvernspørsmål i eit profesjonelt fagmiljø med spisskompetanse innanfor personvern. Personvernteamet består i dag av fire personvernrådgivarar og ein teamleiar som også har stilling som personvernombod. Personvernteamet er organisatorisk plassert i Digitaliseringsavdelinga (DIGA), ei dynamisk, innovativ og framtidsretta avdeling med i overkant av 140 tilsette og 100 konsulentar.
UDI har eit komplekst trussel- og tryggleiksbilete og behandlar store mengder sensitiv og gradert informasjon. I tillegg skal UDI utvikle heilt nye IT-system dei neste seks åra. IT-systema våre er viktige for den nasjonale tryggleiken, for alle som søker opphald i Noreg, og for medarbeidarane våre som brukar systema i arbeidet sitt. UDI har, saman med UD, UNE og politiet, fått 2 milliardar kroner til å bygge heilt nye løysingar, frå botnen av. Dette er eitt av dei største og viktigaste IT-prosjekta i landet dei neste åra.
UDI deltek også i eit omfattande europeisk samarbeid om felles IT-løysingar, med formål om å styrkje grense- og migrasjonssamarbeidet i Europa. UDI har allereie automatisert nokre saksporteføljar og har den siste tida gjennomført pilotprosjekt som nyttar kunstig intelligens. Målet vårt er mest mogleg digital kommunikasjon med søkarane og samfunnet elles, samstundes som vi tek vare på retten til personvern for dei registrerte.
Vi søkjer ein motivert og ansvarsmedviten kollega til ei interessant stilling i eit aktivt og profesjonelt fagmiljø. Vi legg stor vekt på å bygge eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø, prega av samarbeid, humor og rausheit. Vi er ein sosial gjeng med nerdar som arbeider etter smidig metodikk og er opptekne av kontinuerleg utvikling av kompetanse og arbeidsmetodar i teamet. Dersom du ønskjer å bidra til vårt viktige samfunnsoppdrag i eit dynamisk og kompetent team, er dette stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
I stillinga som personvernrådgivar vil du arbeide breitt med personvernfaglege problemstillingar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- bidra til etterleving av EUs personvernforordning og norsk personvernlovgjeving
- gi råd og rettleiing om personvern, inkludert å sikre eit godt beslutningsgrunnlag for UDIs leiing
- gi råd og rettleie team og prosjekt slik at dei kan ivareta personvernregelverket, inkludert bidra til utarbeidinga av personvernkonsekvensvurderingar
- bidra til å ivareta personverninteressene ved implementering av internasjonalt regelverk knytt til felles europeisk samarbeid om migrasjon
- bidra til å svare på høyringar frå Justis- og beredskapsdepartementet
- bidra til utarbeiding og ivaretaking av internkontrollsystem, inkludert instruksar, retningslinjer og rammeverk
- bidra til å auke medvitet om personvern og gjennomføre kompetansehevingstiltak
- bidra i vidareutviklinga av personvernteamet
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap/master i forvaltningsinformatikk
- Kjennskap til personvernregelverket
- Gode ferdigheiter i juridisk metode og erfaring med personvern, anten gjennom arbeidserfaring eller relevante fag/praksis
- For stilling som seniorrådgivar er det krav om relevant arbeidserfaring med personvern, gjerne frå offentleg forvaltning, inkludert tilsyns- eller kontrollmynde
- Interesse for grenseflata mellom juss og teknologi
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, gjerne òg god framstillingsevne på engelsk
Vi søkjer deg som:
- er ansvarsmedviten
- jobbar strukturert og sjølvstendig
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er løysingsorientert og initiativrik
- har god gjennomføringsevne
- snakkar like godt med IT-avdelinga som med fagfolka
- har evne til å tenkje langsiktig i ein operativ kvardag
Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig er ei føresetnad for å lykkast i rolla. Personleg eignaheit, gode faglege kvalifikasjonar og fleksibilitet i arbeidsoppgåver vil bli særleg vektlagt.
Velkomen til oss!
I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Difor bør du velje oss
Bli med på å forme arbeidet med personvern i ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdsbegivenheiter påverkar jobben vår direkte, og vi er vande med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei svært god kantine. Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst dei aller beste kollegaene (meiner vi).
Praktisk informasjon
Stillinga er løna som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet 580 000 – 900 000 kr. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Det blir trekt to prosent av lønna di til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar.
Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må òg leggje ved vitnemål, som kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
I tråd med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. I så fall blir du varsla.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Innspurten 11D, 0663 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Personvern, Jurist, GDPR, Teknologi, Rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396423650
- Sist endret