Sivilingeniør / ingeniør
BKS Konsern
- Frist snarest
- Ansettelsesform Fast
Sivilingeniør / ingeniør i Odda
Vi treng dyktige ingeniørar for å følge opp prosjekt lokalt i Odda og Ullensvang, og for å bistå våre andre kontor ved behov. Du vil jobbe tett med dei andre ingeniørane i Zenit for å få jobbane gjort. Om du tykkjer det høyrest spennande ut å jobbe med veldig varierte oppgåver med mykje ansvar, godt støtta av eit lite og veletablert ingeniørmiljø kan du vere den vi ser etter.
Hos oss får du jobbe med varierte oppgåver gjennom heile prosjektkjeda, der det somme gonger krevst at du jobbar sjølvstendig og andre gonger at du er del av team enten internt i Zenit eller hos kunde. Du må vere villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Tidvis vert arbeidet utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid må ha fokus på.
Kundane våre inkluderer store aktørar som Aker Solutions, Boliden og Hydro der vi jobbar med både langvarige utleiger og mindre oppdrag, og i tillegg har vi ei lang rekkje store og små oppdrag innan prosjektering for ei rekkje kundar hovedsakelig i Sunnhordaland og Ullensvangregionane. Vi ønskjer å bygge vidare på dette, samt å utvide kundegruppa vår i Bergensregionen.
Ein typisk jobb for oss er å løyse små eller store problem for kundane våre, alt ifrå å designe og berekne små og store strukturar til meir omfattande prosjekt. Me jobbar mot store kundar som smelteverk, havbruk, maritimt og annan industri. Gjennom våre eigarar i Eqva-konsernet har me også tilgang på større prosjekt der Zenit er ein viktig bidragsytar. Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte konstruksjon, design, analyse, berekning, prosjektering, feltbefaring og disiplinansvar, og fleire av våre kundar har behov for dyktige prosjektleiarar i alle faser av prosjekta sine.
Du må vere strukturert og villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Arbeidet vil i stor grad verte utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid har fokus på.
Du må som eit minstekrav ha ein Bachelor eller Master i ingeniørfag, typisk innan maskin, mekanisk, struktur, rør, bygg eller liknande. Vi er også ute etter å styrke vår kompetanse innan elektro og automasjon.
Vi er nøydde å prioritere kandidatar med erfaring no, minimum 3-5 år og gjerne meir. Vi ønskjer helst at du snakkar godt norsk, og har god engelsk både munnleg og skriftleg.
Hos oss i Zenit vil du bli varmt motteke og gitt varierte og utviklande oppgåver. Sjølv om vi er mykje ute hos kunde er vi opptatt av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og har mellom anna fagdagar der alle samlast 4 gonger om året. I dag er vi 17 ansatte fordelt på dei fire kontora våre.
Kontorstad for deg vil i utgangspunktet vere i Odda, men for rette kandidatane er vi fleksible.
Zenit har også kontor på Sunde, Stord og i Bergen og vi treng ingeniørar på desse kontora og.
Lønnsmessig følgjer vi NITO/Tekna, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.
Om oss:
Zenit Engineering AS vart etablert i 2000 og tilbyd høg faglig kompetanse innan mekanisk design, maskin, konstruksjon, rør, struktur og bygg. Vi leverer multidisiplinære løysingar inn mot landbasert industri, maritim, offshore, akvakultur og fornybar gjennom studiar, analysar, tekniske og mekaniske løysingar og totalentreprisar.
Zenit har over snart 25 år utvikla seg til å bli ein foretrukken leverandør av ingeniørtenester til ulike segment, og er stolte over å vere ein del av BKS-konsernet, som er ein integrert del av Eqva ASA. Med denne koblinga har Zenit Engineering AS tilgang til eit breidt nettverk av ressursar og kompetanse som bidreg til å styrke posisjonen vår i marknaden.
Om arbeidsgiveren
TEKNISK TOTALLEVERANDØR MED GRØNT FOKUS
BKS-konsernet består av bedriftene:
- BKS Industri AS
- BKS Power & Automation AS
- BKS VVS AS
- Zenit Engineering AS
- Marine Support AS
BKS-konsernet leverer tekniske installasjoner, elektro og automasjonstjenester til kraftkrevende industri, fiskeoppdrett, skip, landbasert industri, offshorenæringen og til bygg og anlegg.
Våre leveranser består bl.a. av engineering, konstruksjon, fabrikasjon og installasjon av de fleste typer rørsystem, metallkonstruksjoner og kvaliteter.
Vi er delaktige i mange miljørettede prosjekter og er blitt en viktig leverandør til prosjekter innen bærekraftige, miljømessige investeringer. Vi ser på miljø som et viktig industrielt vekstområde.
Til sammen omsetter BKS-konsernet for over 370 mill. kroner og vi er ca. 400 medarbeidere i konsernet.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Eitrheimsneset 8, 5750 Odda
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396426319
- Sist endret