
Kunderådgjevar Bedriftsmarknad
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 26.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utvikle næringslivet i regionen vår?
Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus, og i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke.
Vi bidreg til vekst og utvikling i næringslivet og lokalsamfunnet. Vi heiar på dei som prøver, skapar og byggjer. Vi er der i motbakke og når livet smiler. Vi er meir enn ein bank - vi er SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Saman med kundane våre skaper vi moglegheiter - saman skaper vi framtida.
På Bedriftsmarknad er vi heile 44 tilsette. Det er ein kompetent, motivert og hyggeleg gjeng som no er på jakt etter ny kollega.
Vi har ledig stilling som kunderådgjevar bedriftsmarknad ved hovudkontoret i Førde. Vil du vere med å utvikle næringslivet i regionen vår?
Vi ser etter deg som kan skape gode kunderelasjonar. Du kartlegg behov og finn dei riktige løysingane saman med kunden. Du er initiativrik og resultatorientert. Du har økonomisk utdanning eller solid erfaring frå relevant arbeid. Kjennskap til næringslivet i regionen er ein fordel.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- Ansvar for oppfølging av bedriftskundar i eigen portefølje
- Etablere, utvikle og oppretthalde gode kunderelasjonar
- Kredittarbeid med handsaming av kredittsaker og risikovurdering
- Rådgjeving og behovsretta sal av banken sine produkt og løysingar
- Sikre godt samspel mellom ulike produktmiljø i banken til nytte for kundane
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
For informasjon om stillinga kan du kontakte direktør bedriftsmarknad Roy Stian Farsund, tlf 906 22 123, eller ass. banksjef bedriftsmarknad Magn Henning Helgås tlf 907 24 726. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
Bedriftsmarked, Kunderådgiver, Næringsliv, Næringskunder, Næring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396522964
- Sist endret