
Sjukepleiar/vernepleiar med relevant videreutdanning
Helse Bergen HF
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar
Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og består av Kvinneposten og Familieambulatoriet.
Seksjon Tertnes har eit breitt behandlingsopplegg og tilbyr mentaliseringsbasert terapi (MBT), miljøterapi, individualterapi, gruppeterapi, familieterapi, COS-P-terapi, musikkterapi, kunstterapi og treningsterapi. Alt satt i system for å ivareta pasientanes moglegheit for heilskapleg utvikling. Vi ønsker å skape eit miljø med struktur og gode rammer og som ligg til rette for at pasientane kan styrke sine eigne ressursar.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner, der vi jobbar ut frå ein modell kor rammer, struktur og et støttande miljø stimulerer indre modningsprosessar, som gjer den enkelte i stand til å realisere sitt potensial.
Familieambulatoriet tilbyr friveleg behandling for gravide og familiar med barn i alderen 0-6 år, der éin eller begge foreldre har vanskar relatert til rusmiddel eller avhengigheitsskapande medikament. FA ein rein poliklinikk som samarbeider tett med Kvinneposten dersom det er behov for innlegging i brukarstyrt seng eller ved behov for elektiv innlegging.
Seksjon Tertnes er breitt tverrfagleg samansett med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar/hjelpepleiar, treningsterapeut, barnevernspedagog, familieterapeutar, kunstterapeut, musikkterapeut, erfaringskonsulent, lege og psykologspesialistar.
På Kvinneposten er det no ledig stilling som sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning innan rus og psykisk helse. Brei erfaring med pasientgruppa og/eller annan relevant vidareutdanning kan også vere aktuelt. Stillinga inngår i turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og ivaretaking av pasientar og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Medisinhandtering
- Motivasjonsarbeid for å skape endring
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten og bidra i det tverrfaglege samarbeidet
- Co-terapeut i gruppebehandling
Kartlegging og tiltak:
- Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
- Kartlegging av rusmiddelbruk
- Kartlegging av somatisk og psykisk helse
- Vurdering av andre tilbod og behandling
- Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Vidareutdanning innan rus og psykisk helse eller annan relevant vidareutdanning
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Førarkort klasse B
- Må ha gode kunnskaper i norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du må ha:
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- evne til å sjå pasientane sine behov
- positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- respekt for kvar enkelt pasient
- erfaring med pasientgruppen er ønskeleg
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
spesialsykepleier, spesialvernepleier, sykepleier, vernepleier, videreutdannelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396595557
- Sist endret