
Rekrutteringsrådgjevar
Fjord1 AS
- Frist 3.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på jakta etter dei beste sjøfolka?
Er du klar for ei spennande utfordring og vil vere med på å styrke rekrutteringsarbeidet vårt for sjøtilsette?
Som rekrutteringsrådgjevar får du påverke rekrutteringsstrategien vår, utvikle metodar som sikrar dei beste folka til ferjene og til å bli ein del av eit heilt nytt HR-team med hovedfokus på rekruttering. Vi satsar stort på å byggje opp ei sterk rekrutteringsavdeling for sjø, og du får vere med på å utvikle prosessar, kampanjar og tiltak som gir resultat.
Fjord1 er ein verdsleiande aktiør innan det grøne skiftet. Over halvparten av fartøya våre er elektriske. Vi er i front på teknologi og berekraft, men vi veit at dei beste løysningane krev dei rette og beste folka. No ser vi etter deg som kan bidra til å tiltrekke, utvikle og sikre kompetansen vi treng for framtida.
Som rekrutteringsrådgjevar blir du ein del av det nye rekrutteringsteamet vårt og får ei sentral rolle i å vidareutvikle rekrutteringsprosessane for sjøtilsette. Du får jobbe tett med både drift og HR, drive aktive kandidatsøk, utvikle rekrutteringstiltak og sikre at vi tiltrekker oss dei rette folka - samtidig som du blir med på å forme ein heilt ny HR-funksjon i selskapet.
Kva blir arbeidsoppgåvene dine?
Du blir ein nøkkelspelar i arbeidet med å finne og tiltrekke dei beste sjøfolka til Fjord1. I tillegg til å jobbe operativt med rekruttering, vil du ha eit utvida ansvar for å koordinere og utvikle det overordna rekrutteringsarbeidet i avdelinga. Dette betyr at du skal sikre ein heilskapleg og effektiv strategi, drive fram nye tiltak og sørgje for at rekrutteringsprosessane våre fungerer optimalt på tvers av organisasjonen. Du vil jobbe tett med drift for å sikre at vi alltid har dei rette folka på plass, og du får moglegheita til å forme nye rekrutteringsinitiativ som kan gjere Fjord1 til førstevalet for sjøtilsette.
Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere:
- Koordinere og vidareutvikle det strategiske rekrutteringsarbeidet for sjøtilsette
- Utvikle og drifte rekrutteringstiltak og kampanjar, nasjonalt og internasjonalt
- Leie og gjennomføre rekrutteringsprosessar for sjøtilsette, frå søknad til tilsetting
- Bygge nettverk og drive aktiv kandidatsøk for å finne dei beste folka
- Jobbe tett med drift for å forstå bemanningsbehov og sikre gode løysingar
- Utforme stillingsannonser og publisere desse i relevante kanalar
- Følgje opp og ajourføre kandidatdatabasen
- Sikre at dokumentasjon knytt til mønstring og tilsetting er komplett og korrekt
- Representere Fjord1 på messer, utdanningsinstitusjonar og andre rekrutteringsarenaer
Kva kan du forvente?
Vil du vere med å byggje opp noko nytt? I Fjord1 får du vere ein del av eit heilt nytt HR-team med hovudfokus på rekruttering av sjøtilsette. Du får påverke korleis vi utviklar rekrutteringsstrategiar, gjennomfører kampanjar og finn dei rette folka for framtidas sjøtransport. Her får du både faglege utfordringar og moglegheita til å sette ditt preg på korleis vi jobbar med rekruttering i eit selskap i vekst.
Vi tilbyr fleksible arbeidsvilkår og eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre. Her finn du eit inkluderande team der trivsel og samarbeid står i sentrum. Og kvar fredag? Då diskar kantina opp med vaffelrøre, så du kan steike vafler til deg sjølv – eller ein god kollega
I tillegg får du gode velferdsordningar, inkludert høve til å leige hytter og leilegheiter for ferie og fritid. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, og du vil få gode moglegheiter til å bygge både kompetanse og karriere i selskapet.
Som ein del av Fjord1 blir du også ein del av eit selskap som er leiande innan grøne teknologiske løysingar. Vi er pionerar innan elektrisk og sjølvgåande sjøtransport, og du får vere med på å forme framtida for maritim næring – samtidig som du bidrar til ei berekraftig utvikling.
Vi verdset mangfald og inkludering
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein som elskar rekruttering og som trivst med å bygge relasjonar. Du likar å jobbe både strategisk og operativt – ein dag utviklar du nye rekrutteringstiltak, neste dag er du i dialog med kandidatar og samarbeidspartnarar.
For å lykkast i denne rolla trur vi at du har erfaring med rekruttering og ein god forståing for kva som skal til for å finne dei rette folka, gjerne i ein bransje der konkurransen om arbeidskrafta er høg. Det er ein fordel om du har høgare utdanning innan HR, organisasjonsutvikling, leiing, samfunnsvitskap eller andre relevante fagfelt, men det viktigaste er at du har ei strategisk tilnærming til rekruttering og evne til å jobbe strukturert med både kandidatsøk og prosessutvikling.
Har du erfaring frå maritim næring, bemanning eller rekruttering til operasjonelle stillingar, er det eit pluss. Du bør vere sjølvstendig, men også trivast med å jobbe tett saman med både HR og drift for å finne gode løysingar. I tillegg er det viktig at du kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg – du skal tross alt representere Fjord1 i møte med framtidige medarbeidarar.
Om du i tillegg er nysgjerrig på folk, likar å bygge nettverk og ønskjer å vere med på å utvikle rekrutteringsarbeidet vårt for sjøtilsette, då kan dette vere jobben for deg!
Er du klar til å bli ein del av Fjord1?
Har du lest så langt og kjenner at dette kan vere noko for deg? Send inn ein søknad, eller ta kontakt for ein uformell prat – vi er like interesserte i deg som i CV-en din. Har du ikkje CV-en klar? Det går heilt fint, vi vil gjerne snakke med deg uansett!
Lurer du på noko? Ring, send ein e-post, eller finn Regine på LinkedIn – vi tek ein prat når det passar deg.
Kven veit – kanskje dette er starten på noko skikkeleg bra?
Om arbeidsgiveren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Strandavegen 15, 6905 Florø
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rekruttering, HR, Personal, Bemanning, Maritim
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396608480
- Sist endret