
Butikkmedarbeider
Coop Mega Ulsteinvik
- Frist 22.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Coop Mega Ulsteinvik har ledig vikariat som butikkmedarbeidar i 80% stilling
Vi har ledig vikariat med ein stillingsgrad på 80%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Oppstart 1. mai eller før. Vikariatet varer til 30.september. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. Stillinga er ei poststilling, og opplæring i postfunksjonar vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Kasse, post
- Vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Ann-Charlotte Amundgaard Sørheim
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 21. mars 2025
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Vikemyra 1, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Butikk og varehandel, Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396615317
- Sist endret