
Sommervikar
Attvin
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Sommerjobb i Gjenvinningsbransjen
Kunne du tenkt deg ein sommarjobb med meining?Gjenvinningsbransjen ventar på deg!
Hos oss får du jobbe fysisk, møte folk og bidra til noko viktig - kvar dag!
Vi treng dyktige og serviceinnstilte sommarvikarar til miljøstasjonar, ruteinnsamling og anlegget vårt. Dette er ein gyllen moglegheit for deg som vil få relevant arbeidserfaring og ein fot innafor ein bransje i rask utvikling.
Kva skal du gjere?
Vi tilpassar oppgåvene etter dine kvalifikasjonar, og har behov for ekstra hjelp både på miljøstasjon og på renovasjonsrutene våre.
Oppgåvene kan vere:
- Hjelpe kundar med sortering og mottak av avfall på miljøstasjonane
- Bistå i produksjonen på anlegget
- Bidra til ei smidig og effektiv avfallshandtering
- Køyre renovasjonsbil etter faste ruter, eller vere med på rute som renovatør
- Jobbe saman med eit engasjert og dyktig team
Arbeidsstaden er på Bingsa, men vi har ansvar for avfallshandtering i heile Ålesundregionen.
Kva ser vi etter?
Vi legg vekt på gode haldningar og stå-på-vilje, så tidlegare erfaring er ikkje eit krav. For den som har og tar initiativ er moglegheitene mange.
Du bør vere:
- Serviceinnstilt og positiv – du møter kundar med eit smil, og strekk deg for å yte god service
- Løysingsorientert – du ser kva som må gjerast og tek tak
- Glad i fysisk arbeid og toler å bli "skiten på henda"
- Engasjert og strukturert – du jobbar effektivt og samarbeider godt
- Lett å kommunisere med
Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søkje – bransjen treng fleire flinke damer!
Kvifor sommarjobb hos oss?
- Ein meiningsfull jobb der du gjer viktige ting - kvar dag
- God opplæring og relevant arbeidserfaring
- Vi har fokus på personleg og fagleg utvikling hos alle tilsette
- Konkurransedyktig løn og ordna arbeidsforhold
- Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø
- Moglegheit for vidare jobb gjennom året
Attvin jobbar for ein mangfaldig bransje der alle er inkludert og representert. Vi oppfordrar alle kvalifiserte personar til å søke.
Er du klar for ein aktiv og lærerik sommarjobb? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Alvikvegen 194, 6019 Ålesund
- Bransje: Industri og produksjon, Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Maskinfører og -operatør, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommervikar, avfallshåndtering, kundeservice, produksjon, transport
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396690410
- Sist endret