Selger min fantastiske campervan med tungt hjerte. Eg har hatt mange fine eventyr med denne vanen, og har vore på fleire turer i Skandinavia, både aleine og med reisefølge. Denne er bygd og innreda for å få ein heimekoseleg og trygg følelse, uansett kor ein står parkert. Da eg sjølv ikkje kan bruke bilen mykje framover, håpar eg at nokon andre kan få stor glede av den.
Bilen er god og enkel å køyre. Med lengde på under 6m får ein parkert på vanlige parkeringsplasser, og betaler som personbil på ferger.
Her er det lagt ned veldig mykje arbeid for å gjere om bilen fra ein tom varebil til ein koseleg og praktisk campervan.
Varebilen kjøpte eg brukt i 2021, og det var mykje forarbeid før innredninga kunne byggast. Dette var blant anna å behandle varerommet for rust, fjerne skilleveggen mellom varerom og førerhus, ha på lyddempende plater i deler av varerommet, isolere gulv, vegger og tak med XPS plater og low-e, installere vindu på skyvedør, og MaxxFan i taket.
Alt av innredninga er sjølvbygd, og er tilpassa for å utnytte plassen best mogleg. Planløsninga er også tilpassa for å oppnå krav for å omregistrere bilen fra varebil til bobil. På snekkararbeidet har eg hatt god hjelp av pappa, som er tidligere snekker med fagbrev. Vi har jobba mykje med å få ein fin finish, og å skjule mest mogleg av sjølve varerommet. Innredninga er bygd av 12 mm kryssfiner, som gjer at ein enkelt kan skru i små hyller, bilderammer osv der ein vil. På bildører er det brukt 4 mm kryssfiner. Alt av tre er behandla med grunning/maling på alle sider for å unngå mugg. Senga er bygd opp av midtbjelker i sinkbelagt stål med sengelammer opp på, slik at det er både lettvektig og har god lufting under madrassen. Mellom varerom og førerhus har eg valgt å ha ei opning, slik at ein kan krype gjennom om ein ikkje vil gå ut av bilen (ved for eksempel mykje nedbør, i by osv). Dette gir også ekstra lys og utsikt.
Info om budelen:
- 3 sengeplasser: Fastmontert seng på 120 cm x 190 cm + ei mindre seng på 56,5 cm x 172 cm
- Sittebenk med avtagbar plate i midten, slik at ein har valget mellom ei ekstra seng/lang sittebenk eller to separate sittedeler
- Ståhøgde i budelen: 183 cm
- Uttagbart bord på 64 cm x 60 cm, som går inn under senga
- Kjøkkenbenk på 59 cm x 112 cm
- Nedfelt kjøkkenvask, 40x50 cm, med 2 uttagbare 20-liters vanndunker (en til ferskvann og en til gråvann)
- Kjøleskap fra Sundwind 80 liter, 12V
- Vindu som kan opnast utover (er installert på skyvedøra)
- God oppbevaringsplass i hyller og skap
- Stor lagringsplass under senga (med god plass til campingstoler, campingbord, ekstra kle/utstyr osv).
- Porta potti toalett (er plassert i eine sittebenken)
- MaxxFan Deluxe (40x40 cm) for god ventilasjon, med fjernkontroll
- Solcellepanel på taket: 12V 160W solcellepakke fra Jula
- Elektrisk anlegg består av:
Fritidsbatteri Lifepo4 deep cycle batteri. Dette lades opp via solcellepanel og når ein kjører (med DC-DC lader fra Victron Energy), eller eksternt med stikkontakt (via Blue smart charger fra Victron Energy).
2 usb-uttak.
Inverter fra Victron Energy, som er kobla til 1 stikkontakt med 2 uttak for lading av data osv (må ikkje overstige 200W).
Alt av det elektriske er kjøpt på Sparelys og er av god kvalitet.
- Dimmbare spotter i tak med tilhørende fjernkontroll
- Isolert med 3 cm og 5 cm XPS plater og delvis Low-e
- Delvis lydisolert med selvklebende alubutyl fra Carbest
- Gass- og brannalarm
- Alt av interiør (korger, pynteputer etc) kan følge med etter avtale
Elles om bilen:
- EU-godkjent til 31.05.2026
- Citroen Jumper
- Registrert som campingbil på kvite skilt
- Køyretøygruppe M1
- Lengde: 5.41 m
- Breidde: 2.05 m
- Høgde: 2.52 m
- Ryggekamera
- Webasto for motor
- Sommer- og vinterdekk
- Modell: JUM JMPR 1 22HD 6 2D
- Kilomterstand pr i dag: 84200 km (blir brukt til småkjøring til/fra jobb, så denne kan stige litt).
I mitt eige har eg blant anna:
- Bytta dynamo
- Bremseklosser bak (2023)
- Skiftet hjullager bak, venstre (2022)
- Nytt luft-, drivstoff- og dieselfilter (2022)
- Satt på ny gummilist til skyvedør + andre smådeler
- Behandla oppskrapa lakk fra tidligare eiger for å unngå rust (framme på taket, sjå bilder)
Eventuelle ting å fikse:
- Klimaanlegg fungerer ikkje som det skal. Dette var slik når eg kjøpte bilen. Det varierer om det fungerer kun på fullt nivå, på alle nivå eller ikkje i det heile tatt. Eg har bytta resistorkabel, men dette var ikkje årsaka til problemet.
- Eine baklykta må muligens byttast ut på sikt, da det har vore tegn til vatn (ingen kondensering på lyktene, men på plata der lyspærene er festa). Alle lys fungerer no.
- Foliering/teipmerker fra tidligare eigar vises framleis på sidene av bilen, og det er litt små merker her og der i lakken.
- Det er lite teikn på rust, men litt rust her og der kan ein sjå, men dette er mest ved dørfeste, skruer i bilen osv.
- Webasto for motor har vore lite brukt i det siste, og tilstand er ikkje sjekka opp.
Vil utføre service på bilen før salg, hadde også service i 2022.
Ta kontakt ved interesse :)