Helsefagarbeidar - 66% fast nattevakt
Alver kommune
- Frist 23.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus?
Vi søkjer fagleg trygg helsefagarbeider til våken nattevakt i 66 % fast stilling. Stillinga er for tida organisert med 10 timers vakter, og turnusperiode på 6 veker.
Om oss
Stillinga er knytt til Einelia omsorgsbustad. Vi er lokalisert i Knarvik og er eit heildøgnbemanna butilbud for personar med psykisk helseproblem. Brukarane som er hos oss har sin eigen leilighet, og har tilgang til hjelpepersonale etter vedtak. Arbeidsstaden har for tida tilsette i medleverturnus, langvakter og våken nattevakter.
Arbeidsoppgåver
- Skape ro, støtte og tryggleik for bebuarar på natt
- Individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø utifrå behov
- Rapportering muntleg og skriftleg
- Tilrettelegge for godt bu- og arbeidsmiljø som medmenneske og fagperson
Kvalifikasjonskrav
- Helsefagarbeider, med lang og brei erfaring frå tenesteområdet
- Dersom ein ikkje er helsefagarbeidar, kan relevant erfaring kompensere for dette. Ein må då ha erfaring med å arbeide i fagfeltet psykisk helse og rus over tid (3-5 år) og med fleire ulike brukarar.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
Dersom du har relevant videreutdanning vil det være eit føremon, men det er ikkje eit krav.
Kven er du?
- Du er robust, og kan håndtere krevjande situasjonar med ei roleg framtoning.
- Du er trygg i møte med brukarar, slik at du stoler på eigne vurderingar.
- Du har eit engasjement for brukargruppa og kommuniserer godt.
- Du har evne til å ta imot og implementere rettleiing
- Du har ei positiv innstilling og vilje til å lære
- Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Godt samarbeid og arbeidsmiljø på jobb
- Deling av fagkunnskap mellom kolleger
Vi er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Bidrag til utvikling vert godt mottatt.
Vi er Alver
Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om arbeidsgiveren
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Nøkkelord
psykisk helse, miljøarbeid, nattevakt, helsefagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396708238
- Sist endret