Rådgivar/seniorrådgivar - skog og utmarksforvaltning
Statsforvalteren i Rogaland
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar/seniorrådgivar - skog- og utmarksforvaltning
Om stillinga
Vi treng deg som kjenner skogbruket og som vil arbeide for berekraftig skogbruk i Rogaland. Hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø i landbruksavdelinga, og får arbeide breitt med ulike skogoppgåver. Vi skal arbeide for god skogforvaltning og skal bidra til det grøne skiftet med auka verdiskaping frå fornybare skogressursar.
Vi søker deg som er engasjert og som vil gjere ein innsats. Rettleiing og oppfølging av kommunane er ein sentral del av stillinga, og du må kunne halde innlegg på kurs og konferansar.
Arbeidsoppgåver
I stillinga ligg oppfølging av skogkultur, frivillig vern, skogen si rolle i klimasamanheng, vidareforedling av trevirke, utmarksbasert verdiskaping og tilskotsforvalting. Stillinga omfattar både saksbehandling, informasjonsarbeid og mobilisering, til dømes:
- arbeide for å sikre ny skog etter hogst - kontroll, rettleiing og tett oppfølging av kommunane
- arbeide for auka bruk av tre som byggemateriale og som råstoff til bioenergi
- arbeide for og formidle kunnskap om karbonbinding og klimatilpassing i skog
- delta i tverrfaglege grupper med andre statlege regionale etatar, fylkeskommune, kommunar og næring
- arbeide med tilskotsforvalting og oppfølging av regelverk
- bidra med skogfagleg kompetanse i prosessen med frivillig skogvern
- behandle søknadar om utsetting av utanlandske treslag
Andre oppgåver kan bli aktuelle, alt etter kva oppgåver som til ei kvar tid er prioriterte og tilpassa din kompetanse.
Kvalifikasjonar
For å bli vurdert for stillinga må du
- ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule fortrinnsvis med mastergrad. Anna relevant utdanning og praksis kan erstatte kravet om mastergrad
- ha skogfagleg kompetanse
- beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg (begge målformer)
Det er ein fordel om du har:
- relevant arbeidserfaring
- god kunnskap til landbruket generelt
- erfaring med å arbeide sjølvstendig, halde tidsfristar og prioritere oppgåver
- gode formidlings- og samarbeidsevner
- engasjement og innsatsvilje
- GIS/kartkompetanse
Personlege eigenskapar:
- du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- lønn som rådgivar, kr 590 000 - kr 680 000 pr år, lønn som seniorrådgivar kr 600 000 - 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
- nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- varierte, interessante og viktige oppgåver
- triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrive i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger
- Bransje: Annet, Jordbruk og skogbruk, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Agronom, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396744540
- Sist endret