Automasjonsingeniør
Ålesund Kommune
- Frist 30.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn
Vi har ledig stilling som automasjonsingeniør - velkommen som søkjar!
Verksemd Vatn og avløp produserer og leverer reint vatn til folk og fjord. Vi tryggar framtida med å sikre folkehelse og naturmangfald og er ein avgjerande aktør for totalberedskapen i regionen. Vi har ansvar for vassbehandlingsanlegg, fleire renseanlegg, 110 mil rør og 150 pumpestasjonar i tillegg til at vi gjennomfører tilsyn, kontroll, forvaltning og gebyrinnkreving. Vi er stolte over å vere mellom dei fremste i Norge innan digitalisering i Vatn og avløp, og vi har eit stort fagmiljø med ingeniørar, driftsoperatørar, juristar og sakshandsamarar - til saman er vi rundt 80 tilsette.
Arbeidsmengda er stor og fagfeltet er i rivande utvikling både når det gjeld ny teknologi og nye krav i EU-direktivet som er på trappene. Vi søkjer derfor etter ein medarbeidar til som har god kompetanse innan automasjon og prosess.
Stillinga ligg i gruppa Driftsstøtte som, i lag med driftsoperatørane, har ansvar for å optimalisere VA-infrastrukturen, utarbeide nødvendige prosedyrer, sikre kvaliteten på ledningsdatabasen, gi opplæring og delta i planlegging. Gruppa har 16 tilsette.
Arbeidstad er rådhuset i Ålesund sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Generelt bistå med service, drift og vedlikehald av automasjons- og kommunikasjonssystemer - feilsøking og problemløysing i produksjonen for å sikre og vidareutvikle daglig drift
- Planlegge, designe, programmere, teste og iverksette prosjekter og system
- Vedlikehald av databaser med grunndata i ulike fagløysingar
- Styrke kvaliteten på innsamling og analyse av data og prøveresultat gjennom eksisterande og nye sensorar
- Støtte og rettleie fagavdelingar innan metode- og modellutvikling for effektiv dataanalyse
- Risiko- og sårbarheitsanalyser, bistå i planarbeid for å minimere konsekvensar av eventuelle feil
- Prosjektering, anskaffing og prosjektleiing for mindre drifts og utbetringsprosjekt
- Andre oppgåver kan kome til
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har
- Utdanning innan automasjon frå høgskule/universitet på minimum bachelornivå. Utdanning frå utlandet må vere NOKUT-godkjent
- Erfaring frå arbeid med ulike styringssystem og programmeringskompetanse (PLS/PLC)
- Kjennskap til kommunikasjon mellom skjermsystem og PLS`er basert på nettverk, mobilløysingar, radio og serielle linjer
- Erfaring frå vatn-og avløpsområdet er ønskjeleg
- Norsk språk munnleg og skriftleg
- Søker må ha førerkort klasse B, - klasse BE er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har eit fagleg engasjement og som
- er open, praktisk og liker å jobbe med utvikling
- forstår betydninga av og praktiserer involvering og samarbeid
- er serviceinnstilt
- jobber ryddig og tillitsvekkande
- henter og deler kompetanse og bidreg positivt til fag- og arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
I denne stillinga får du ei viktig rolle i å:
- gi folk i Ålesund verdas viktigaste ressurs; reint vatn.
- bygge framtidas Ålesund og sikre friske fjordar, naturmangfald og livet i havet
Du får løyse interessante oppgaver innan vannbehandlingsanlegg, avløpsrensing, pumper og ledningsnett, mellom anna utvikling av eit heilt nytt styrings- og forvaltningssystem. Vi har eit godt fagmiljø og muligheiter for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning. Løn, fleksibel arbeidstid og heimekontor etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6003 Ålesund
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Vann- og miljøteknikk
Nøkkelord
PLC, citect, scada, ignition, sd-system
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396751337
- Sist endret