Helsefagarbeidar - 26 % fast, 4.kvar helg
Alver kommune
- Frist 21.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig helgestilling med langvakter i psykisk helse
Kort om stillinga
Vi har no ledig ei helgestilling med arbeid kvar 4.helg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er klar for å arbeide langvakter på 12,5 t fredag, laurdag og sundag.
Heildøgnstenestene i Knarvik og arbeidsoppgåvene
Vi er lokalisert i Knarvik og er eit heildøgnbemanna butilbud for personar med psykisk helseproblem. Arbeidsstaden har for tida tilsette i medleverturnus, langvakter og våken nattevakter. Stillinga er for tida knytt til Einelia omsorgsbustad.
Arbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid med brukarar i eige bumiljø etter vedtak tilpassa den enkelte. Holde ro i utfordrande situasjonar og sjå løysingar. Samarbeid med pårørande og andre instanser. Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd. Tilrettelegge for godt bu- og arbeidsmiljø som medmenneske og fagperson.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid med brukarar i eige bumiljø etter vedtak tilpassa den enkelte. Holde ro i utfordrande situasjonar og sjå løysingar. Samarbeid med pårørande og andre instanser. Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd. Tilrettelegge for godt bu- og arbeidsmiljø som medmenneske og fagperson.
Kvalifikasjonskrav
- Helsefagarbeidar med lang og brei erfaring frå tenesteområdet ( 3 - 5 år)
- Dersom du ikkje er helsefagarbeidar, kan relevant erfaring kompensere for dette. Du må då ha erfaring med å arbeide i fagfeltet psykisk helse og rus over tid eller med fleire ulike brukarar.
Kven er du?
- Du er robust, og kan håndtere krevjande situasjonar med ei roleg framtoning.
- Du er trygg i møte med brukarar, slik at du stoler på eigne vurderingar og er ein god medspelar i teamet.
- Du har eit engasjement for brukargruppa og kommuniserer godt.
- Du har evne til å ta imot og implementere rettleiing
- Du har ei positiv innstilling og vilje til å lære
Vi tilbyr
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Fagutvikling
- Rettleiing
- Organisasjon i utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov og avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Vi er Alver
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om arbeidsgiveren
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396754104
- Sist endret