Rådgjevar/seniorrådgjevar - kommunehelse og spesialisthelse
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 30.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Varierte og meiningsfulle juriststillingar hjå Statsforvaltaren i Vestland
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ledig to faste juriststillingar og eit årsvikariat.
Avdelinga har tre seksjonar og ansvar for rettleiing og tilsyn med helsetenester, barnevern og sosiale tenester, behandling av klager frå pasienter, pårørande og helsepersonell i tillegg til andre forvaltningsoppgåver.
Fylkeslege Kristin Cotta Schønberg leier avdelinga, som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosial- og helsefag, rettsvitskap, samfunnsfag og administrasjon. Vi har tett kontakt med helseforetak, kommunar, nasjonale styresmakter og andre offentlege instansar.
Den eine faste stillinga er knytt til seksjon for spesialisthelse og har kontorstad Bergen. Dei andre stillingane er knytt til seksjon for kommunehelse og har valfri kontorstad Bergen eller Leikanger.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er variert og i stor grad tverrfagleg. Arbeidsoppgåvene omfattar sakshandsaming, tilsynsoppgåver og rettleiing. Vi legg opp til at dei to helseseksjonane jobbar tett på tvers, slik at du får høve til å ha varierte arbeidsoppgåver. Sentrale arbeidsområde vil vere behandling av pasienrettsklager, rettleiing om tvang og makt etter ulike regelverk og tilsyn med personell og tenester. Andre oppgåver kan bli aktuelle etter avtale med seksjonsleiar.
Kvalifikasjonar
- juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap/jurist
- kunnskap om regelverket for helse- og omsorgstenester
- god innsikt i og erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne frå arbeid med juridiske problemstillingar på helse- og omsorgsfeltet
- relevant arbeidserfaring innan helse og omsorg blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- evne til nært og tverrfagleg samarbeid med kollegaer
- evne til systematisk og sjølvstendig arbeid
- analytiske evner og høg arbeidskapasitet
- fleksibilitet og omstillingsevne
- evne til å formidle kompliserte problemstillingar på ein god måte
- motivasjon for å bidra til betre kvalitet på helsetenestene våre
God munnleg og skriftleg formidlingsevne på nynorsk og bokmål er ein grunnleggjande føresetnad. Du må kunne nytte båe målformer.
I vurderinga av søkjarane vert det lagt særleg vekt på erfaring frå saksområda, samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er løna i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr 570 000-680 000 eller 1364 seniorrådgjevar frå kr 600 000-730 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Solheimsviken 13, 5058 Bergen
- Flere arbeidssteder: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 396804939
- Sist endret