Bildegalleri
Balans Femini av Peter Opsvik for Stokke
Beskrivelse av varen
Norsk postmoderne designikon av legendariske Peter Opsvik, produsert ved Stokke Fabrikker i svært begrensa antal. Norsk vintage klassikar som både er formgjeve og produsert på Sunnmøre. Designet er datert tilbake til 1983, med ein moderat produksjon dei påfølgjande åra. Her er det snakk om berre nokre hundre eksemplar totalt.
Balans Femini kom i to utgåver; ein svart/grå/raud med svart base av metall, og éin med raud ulltekstil frå Gudbrandsdalen Uldvarefabrikk, med base i laminert bøk. Balans Femini er ein skulpturell stol i krysninga mellom kunstverk og møbel. Og på sjølvaste kvinnedagen legg eg no dette ikonet ut for salg.
Stolen har normale aldersmessige bruksmerker og patina. Noko overfladiske merker på beina, som burde vere ei enkel sak å pusse bort om ein vil ha den "strøken". Trekket er i stor grad heilt og fint, kun eit par mindre bruksmerker som eg har prøvd å vise på detaljbileta i annonsa.
Meir info om modellen her:
https://www.nasjonalmuseet.no/samlingen/objekt/NMK.2021.0204
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller ønsker å kjøpe den. Frakt i retning Ålesund, Oslo etc. er uproblematisk, og eg kan vere hjelpsam med å organisere dette. Kan med andre ord sendast i store delar av landet mot forskotsbetaling. Elles kan den hentast i Buvika etter avtale.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.3.2025 kl. 10:29 ・ FINN-kode: 396848998