Assisterande tenesteleiar skule
Alver kommune
- Frist 24.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Nyoppretta stilling - Vil du vere med å utvikle skulen i Alver?
Det er no ledig 100 % stilling som assisterande tenesteleiar for grunnskulane i Alver kommune.
Vi treng ein person som har gode leiareigenskapar og fagleg tyngde, som har skulefagleg utdanning på høgskulenivå med kompetanse, erfaring og preferanse for skulefagleg utviklingsarbeid, leiing og endring.
Om oss
Kvar dag gjer våre medarbeidarar i skulane ein viktig innsats for at elevane skal oppleve læring, trivsel og meistring i sosiale fellesskap. Vi søkjer assisterande tenesteleiar for grunnskule som vil vere med å realisere dette i samarbeid med våre kompetente og dyktige leiarar og medarbeidarar i skulane våre.
Alver kommune er midt i ein omstillingsprosess der vi skal justere drifta for å sikre meir berekraftig økonomi. Endringane knytt til skule byggjer på nyleg vedteken barnehage- og skulebruksplan, og inneber både strukturendringar og reduksjon i bemanning.
Assisterande tenesteleiar for grunnskule rapporterer til tenesteleiar for grunnskule, og samarbeider tett med rektorane, rådgjevarane for sektor oppvekst, samt tenesteleiarar for barnehage, PPT, helsestasjon- og jordmortenesta og barnevern.
Arbeidsoppgåver
Som assisterande tenesteleiar vil du ha følgjande arbeidsoppgåver:
Leiarstøtte for rektorane ved grunnskulane og vaksenopplæringa
Følgje opp skulane gjennom etablert Kvalitetssystem i kommunen og ved dialog undervegs
Følgje politiske og administrative prosessar, samt følgje opp politiske vedtak
Planleggje, styre og gjennomføre utviklings- og omstillingsprosessar, i samarbeid med leiarar og stab oppvekst
Delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsprosjekt retta mot barn og unge
Sikre system og strukturar som er i samsvar med krav til internkontroll
Kvalifikasjonskrav
Skulefagleg utdanning (høgskule/universitet), med relevant vidareutdanning i leiing (helst på masternivå)
Relevant erfaring som leiar/tilsvarande stilling
God kjennskap til offentleg forvaltning/lov- og avtaleverk
God relasjonskompetanse
God framstillingsevne både munnleg og skriftleg
God kjennskap til nyare forsking, teori og utgreiingar innafor utdanningsfeltet
Utviklings- og prosessorientert
Kjenner du deg att ?
Vi søkjer ein synleg, tydeleg og handlingsorientert leiar som fremjar utvikling, motivasjon, engasjement og samhandling både innafor eige tenesteområde og på tvers av tenesteområda. Vi er på jakt etter ein leiar som gjennom sine leiar- og relasjonelle eigenskaparbidrar til tillit både internt og eksternt, til kvalitet i opplæringstilbodet til elevane i kommunen, eit godt arbeidsmiljø og eit tverrfagleg fokus i utviklingsarbeid. Det er ønskjeleg at assisterande tenesteleiar har gode digitale ferdigheiter.
Send oss ein søknad, kanskje det er akkurat du som er rett person for denne spennande rolla!
Vi tilbyr
Du får jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag, der du får vere med å utvikle kommunen sine tenester.
Du blir ein del av eit godt fag - og arbeidsmiljø med engasjement og arbeidsglede.
Vi har gode arbeidstidsordningar, betalt lunsjpause, muligheit for heimekontor og gratis parkering.
Vi har god pensjonsordning i KLP
Du får lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
utdanningsfeltet, skoleutvikling, skoleledelse, ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397174298
- Sist endret