Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Helse Fonna HF
- Frist 24.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Vil du være med på ein jobb der ingen dagar er like, og hvor du kan skape tryggleig, glede og gode augeblikk for barn og unge?
Her finn du dyktige kollegaer, mykje humor og ein felles lidenskap for å gi dei minste pasientane våre den beste omsorga. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med oss då vel!
Barne- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 2/3.
Vi har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering.
👉 Søk no – vi gler oss til å møte deg!
Kva går jobben ut på?
- Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
- Delta i utgreiing og behandling
- Deltaking i undervisning
- LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande.
- Norsk autorisasjon.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .
- Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling.
- Er god på kommunikasjon.
- Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
- Set pris på å samarbeide med kollegaer.
- Jobbar godt på eiga hand og held oversikt over arbeidsoppgåvene.
Kvifor skal du velje oss?
- Hos oss får du kollegaer som tek vare på kvarandre og skapar eit godt arbeidsmiljø.
- Vi har eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap og utviklar oss saman.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lege, lis, barnesykdom, ungdomsavdeling, barnepoliklinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397182806
- Sist endret