100% vikariat som sjukepleiar ved Austevoll Heimeteneste og Natt
Austevoll kommune
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søker etter sykepleier til ledig svangerskaps vikariat
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Stillinga er kombinert som sjukepleiar på natt og i hemetenesta, med langvakt på helg.
- Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og medisinsk behandling/oppfølging til brukarane vil vera nokre av hovudoppgåvene.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Off. godkjent sjukepleiar
- Gyldig politiattest
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Sjukepleier ved Heimetenesta samarbeider tett med sjukepleiarane på sjukeheimen og ein deltek i felles vaktordning.
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5.400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsepersonell, Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397195039
- Sist endret