Førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 25.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med tilsyn på pengespelfeltet?
Lyst å jobbe med landets fremste ekspertar på pengespelområde? Avdeling for pengespel søker etter ein engasjert medarbeidar i fast stilling til å føre tilsyn med at norske pengespeltilbydarar etterlever regelverket.
Kven er vi? Vi jobbar for at færre skal oppleve speleproblem og å sikre ansvarlege pengespel. I Noreg er det hovudsakleg Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har løyve til å tilby og marknadsføre pengespel. Vårt mål er å sikre eit trygt og ansvarleg speletilbod. Vi arbeider med å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring av pengespel. I tillegg fører vi tilsyn med etterleving av kvitvaskingsregelverket innan pengespel.
Hos oss får du eit meiningsfylt samfunnsoppdrag, varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer innanfor juss, økonomi og samfunnsvitskap.
Høyrast dette spennande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Dette vil du jobbe med
Stillinga ligg til tilsynslaget i pengespelavdelinga og omfattar mellom anna:
- Tilsyn med etterleving av kvitvaskingsregelverket
- Tilsyn med etterleving av pengespellovgivinga
- Forvaltningsoppgåver knytt til pengespelavdelinga
- Utvikling av tilsynsmetodikk
Det vil og vere noko reiseverksemd.
Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt med oss, så fortel vi gjerne meir om dei spennande arbeidsoppgåvene.
Dette ser vi etter
Vi ser etter deg med relevant utdanning og erfaring. Primært ser vi etter kandidatar med:
- Mastergrad i rettsvitskap, gjerne med erfaring men nyutdanna kan og vere aktuelle. Arbeidsoppgåver blir tilpassa kompetansenivå
- Lang erfaring (minst fem år) med tilsyn i (Norsk) offentleg forvaltning kan kompensere for manglande utdanningskrav
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har god evne til å sjå samanhengar og konsekvensar innan fagfeltet
- Evner å kommunisere komplekse problemstillingar på ein pedagogisk og presis måte
- Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, samstundes som du kan jobbe sjølvstendig
Kvifor skal du velje oss?
Her får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.
Verdt å merke seg
Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1408/1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
jurist, tilsyn, forvaltning, Lotteri- og stiftelsestilsynet, sunnfjord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397209839
- Sist endret