Derfor skal du søke lærarjobb i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 31.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærarar i vgs.
Vi søker lærarar til vidaregåande skolar i heile Møre og Romsdal, til fylket som er eit av dei vakraste i landet .
Vi ser etter deg som kan motivere og undervise ungdommar, i alt frå fotosyntese, grammatikk til sveising. Vi treng lærarar både i programfag og i fellesdag, på alle trinn.
Du får brukt heile deg
Vi lovar deg ein kvardag som ikkje er kjedeleg, der oppgåvene du må løyse, både krev ei solid utdanning og at du står støtt i deg sjølv.
Du trivst med å undervise, planlegge og legge opp dagen slik du meiner er best. Du likar å leie elevane i klasserommet og alt som skjer der og gjennom forventningane i læreplanen og ut skuleåret.
Du vil møte utfordringar, men mister ikkje trua, når han, ho eller hen helst vil gi opp: Kanskje det nettopp er du som får elevane til å sjå lyset, eller i det minste bestå faget. Og du syns det er givande å jobbe med ungdomar som skal finne sin veg og seg sjølv og delta i samfunnet.
Kva får du hos oss
På skolen får du eit stort fagleg fellesskap med mange gode kollegaer, der du blir ein viktig del. Vi får høyre at vi har gode arbeidsmiljø. Og du får jobbe med og utvikle deg i faget du er glad i, med ein stor og solid organisasjon i ryggen .
Visste du at skolane våre faktisk ligg i toppen i gjennomføring? Vi er blant fylka som kan vise til dei beste resultata nasjonalt, både totalt sett og på dei ulike utdanningsprogramma. Vi trur det seier noko både om lærarane vi har og dei gode skolane. Vil det motivere deg å bli med på det gode arbeidet?
Og som ikkje det er nok: dei fleste skulane våre ligg omkransa av vill natur, i fine tettstadar og byar som Ålesund, Molde og Kristiansund, Volda og Åndalsnes.
Her kan du bu og jobbe mellom hav, fjord og fjell , med korte avstandar mellom by og natur, innland og utland. Og med kort veg til jobb, rekk du ein lang fjelltur på ettermiddagen, eller ein kjapp rusletur på kafe. For vi meiner at eit liv utanom jobben er like viktig som sjølve jobben
Noko som passar for deg
Dette er ei felles annonse for alle dei ledige stillingane vi har. Klikk deg inn på kvar enkelt for å få alle detaljane og for å søke. Vi håper vi høyrer frå deg.
Søknadsfristen er 31. mars.
Treng du meir inspirasjon, sjå film frå skolekvardagen i Møre og Romsdal. Velkommen til oss
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6404 Molde
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Andre pedagoger, Faglærer(IT, idrett, kunst)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vidaregåande skole, lærar, undervise, programfag, pedagogikk
Vi søker lærarar til våre vidaregåande skolar! (1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397213187
- Sist endret