Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 25.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sjukepleiar - bli ein del av dialyseteamet vårt!
Vil du ha ein sommarjobb der du får bruke kompetansen din på ein spennande og spesialisert avdeling?
På dialysen ved Stord sjukehus får du jobbe med pasientar som treng livsviktig behandling, i eit lite, men tett og fagleg sterkt miljø. Vi ser etter ein sjukepleiar med dialyseerfaring som kan kan jobbe hos os oss i sommarferien 2025.
Her får du jobbe langvakter tre dagar i veka, i tillegg til nokre dag- eller seinvakter innimellom. Du vil få jobba saman med trygge kollegaer, og vi har eit godt samarbeid med intensivavdelinga.
🔹 Periode: 07.07.25 – 17.08.25
🔹 Arbeidsstad: Dialyseavdelinga, Stord sjukehus
👉 Søk via lenka og bli med oss i sommar!
Opplev sommaren på vakre Stord – kombiner fagleg utvikling med naturopplevingar! Sjekk ut denne lenka.
Kva går jobben ut på?
- Tilrettelegging av sjukepleie til pasientar som går i hemodialyse.
- Pasientoppfølgjing av hemodialyse.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg.
- Relevant sjukehuserfaring frå nefrologi er ein fordel.
- Gode tekniske og systematiske ferdigheitar og gode datakunnskapar vil bli lagt stor vekt på.
Personlig egenskaper blir vektlagt.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som
- jobbar strukturert og nøyaktig, og ser kva som må gjerast.
- set pasienten i fokus, og møter både pasientar og kollegaer med eit smil.
- likar å jobba sjølvstendig, men trivst også med å samarbeide i eit tverrfagleg team.
- set pris på eit godt samarbeid med kollegaer.
- trivst i eit aktivt miljø, og taklar travle dagar med engasjement og ro.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- bli ein del av eit triveleg arbeidsmiljø, der vi tek vare på kvarandre.
- jobba i eit fagmiljø med høg kompetanse, der vi deler kunnskap og utviklar oss saman.
- ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, dialyse, spesialisert, stord, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397226712
- Sist endret