Barnehagane i Ål søkjer fleire engasjerte, dyktige og innovative pedagogiske leiarar
Ål Kommune
- Frist 24.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Pedagogiske leiarar - barnehagane i Ål - 2. gongs utlysing
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik (2 til 6 avdelingar).
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske. Overgangar er eit område kommunen har arbeidd lenge med for å få til å flyte godt.
Som pedagogisk leiar blir du med i pedagogteamet vårt, med oppgåver som gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på di avdeling, dessutan ansvar for kontakt med føresette. Men først og fremst må du like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
Kvalifikasjonar
utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning
ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk
dersom vi ikkje får søkjarar med barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning, kan andre søkjarar med barnefagleg bakgrunn eller friluftsutdanning vera aktuelle
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi ønskjer deg som søkjar som:
brenn for barnehageyrket og det beste for barna
er ein leikande og profesjonell vaksen
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
likar å vere ute i all slags vêr, året rundt
er løysingsorientert, fleksibel og lojal
har evne til å skape engasjement og styrke utvikling hos barna
kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
barnehagar med sterke, utviklande og faglege miljø
engasjerte tilsette
stabil personalgruppe
kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
stillingsprosent ut frå ønske/behov
pensjonsordning KLP
lønn etter gjeldande tariffavtale
arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad
vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd?
Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø?
Då er du velkomen til Ål!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1, 3570 Ål
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder, Spesialpedagog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pedagogisk, barnehagelærar, barnehage, leikbasert læring, spesialpedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397339837
- Sist endret