
Psykologspesialist/psykolog
Helse Bergen HF
- Frist 31.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog.
Vi ønsker oss ein engasjert og dyktig psykolog/psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt.
Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.
HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: klinisk vaksenpsykologi, samfunnspsykologi, rus- og avhengigheitspsykologi og habilitering. To av våre psykologar er i gang med spesialisering innan nevropsykologi.
HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeut ogsekretærar.
Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for og erfaring med fagfeltet.
Habiliteringsavdelinga er for tida lokakalisert i Olav Bjordals veg 29, Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås innan 2027/28 for samlokalisering med øvrige avdelingar i klinikken.
Tilsetjingsdato er 01.08.2025 eller etter nærare avtale.
Sjå elles våre internettsider: Les meir
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering
- Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Bidra i fagutvikling
- Kurs, undervising og pasientopplæring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Kjennskap til og interesse for fagfeltet
- Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel
- God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Trivsel med tverrfagleg samarbeid
- Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
Vi tilbyr deg
- Spennande utfordringar og oppgåver
- Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar
- Opplæring og rettleiing
- Eit robust og triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale
- Gode pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog, psykologspesialist, habilitering, Haukeland sykehus, rehabilitering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397388518
- Sist endret