
Sommarjobb på Terningmoen
Forsvarsbygg
- Frist 02.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb på Elverum
Forsvarsbygg på Terningmoen søker 2 sommarvikarar til jobb i vekene 26-33.
Du vil jobbe med ulike oppgåver primært knytt til utandørsdrift, som for eksempel klipping av plen, ryddig og liknande.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over oppgitte veker (26-33) kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva perioden du kan jobbe.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utandørs vedlikehald
- Park og hage
- Påkommande oppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 18 år
- Førarkort kl. B
- Må kunne autoriserat før oppstart
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
Vi tilbyr
Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 404 900,- i brutto årleg lønn.Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 2406 Elverum
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Hjelpearbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
feriejobb, ferievikar, plenklipping, sommervikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397399417
- Sist endret