Driftsmedarbeider
Stangeland Gård As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Driftsmedarbeider
Me søkjer driftsmedarbeidar for å styrke teamet vårt!
Er du ein fleksibel person med erfaring frå drift av hotell og restaurant som ynskjer ein variert kvardag?
Me er i starten av eit spanande eventyr, og ser etter ein person som har eigenskapar, overskot og motivasjon til å driva fram eit tilbod for overnatting, servering og arrangement saman med oss. Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og noko kvelds- og helgejobbing må reknast med.
Hovudoppgåvene vil vera;
- Kundeoppfølging, før under og etter opphald på garden
- Ansvar for å planleggje og gjennomføre arrangement
- Gjennomføre driftsrelatert oppgåver som;
- Reinhald
- Vedlikehald
- Servering og sal (arrangement, restaurant, pub, butikk)
- Bidra til å utvikla og driva inntektsgivande aktivitetar
- Bidra i sal- , marknadsføring- og budsjettprosess
Som person ynskjer me at du er initiativrik, uthaldande, utadvent og sjølvgåande. Du ser kva som må gjerast og bidreg der da trengs. Smilande, imøtekommande og gjestfri – du må ha indre motivasjon og drivkraft til å skapa ei flott oppleving for gjestane. Økonomisk sans er ein fordel.
Om arbeidsgiveren
Stangeland Gard har eksistert ei god stund med same type drift. No har plassen fått nye eigarar som ynskjer å skapa ein overnatting og serveringsstad med gode tradisjonsrike kvalitetar for både lokale og tilreisande. Her er det moglegheit for å vera med å byggja eit solid og spanande konsept frå spede byrjing. Garden har eit hovudhus med 4-5 soverom og godkjent industrikjøken, pub i kjellaren, ei løa plass til 60 personar med utstyrt til møte og konferansar, drivhus/hage på tunet og no også gardsbutikk og utleige av badestamp, kajakkar, SUP, syklar og anna.
Vår visjon er at dei som vitjar oss kjem tilbake, heim til oss!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Stangelandsvegen 3, 5398 Stolmen
- Bransje: Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Booking, Konferanse, Service/servering
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
driftsmedarbeider, restaurant, hotell, arrangement, servering
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397491093
- Sist endret