
HR - og rekrutteringsrådgjevar
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 03.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega?
SpareBank 1 Sogn og Fjordane scorer høgt på trivsel blant våre tilsette. Å ivareta eit godt arbeidsmiljø, legge til rette for utvikling samt skape tilhøyrsle er noko vi jobbar med kvar einaste dag - no har du moglegheit til å vere med å styrke det spennande arbeidet.
Er du ein person som tar eigarskap til oppgåver og prosjekt innan organisasjons- og kompetanseutvikling? Trivast du med å arbeide med folk, vere ein rådgjevar eller rettleiar for leiarar og tilsette? Er du ein relasjonsbyggar som knyt sterke band til noverande og nye medarbeidarar? Då er du kanskje den vi er på jakt etter.
Banken har ledig stilling som HR- og rekrutteringsrådgjevar ved hovudkontoret i Førde.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
- Overordna ansvar for rekrutteringsprosessen i banken frå A til Å
- Tiltrekke, utvikle og behalde tilsette
- Halde seg oppdatert på trender i arbeidslivet, og stadig utvikle banken til å halde tritt med nye krav og forventninger hos nye og eksisterande tilsette
- Bistå i omstillings- og organisasjonsutviklingsprosessar
- Arbeide systematisk med kompetanse- og talentutvikling
- Vere med å vidareutvikle arbeidsmiljøet og styrke bedriftskulturen
- Følje opp og rettleie tilsette og leiarar i ulike HR-oppgåver
Om deg:For å lukkast og trivast i rolla som HR - og rekrutteringsrådgjevar er det viktig at du er engasjert, serviceinnstilt og omgjengeleg. Du bygger gode relasjonar basert på tillit og openheit, og du er fleksibel og imøtekomande. Det å ha god struktur i arbeidet samt god digital kompetanse er viktig når du mellom anna skal administrere og utvikle våre HR-tenester. Du har god forretnings- og organisasjonsforståing og det er ein stor fordel at du likar og meistrar eit tidvis høgt arbeidstempo.
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring med rekrutteringsarbeid
- Har høgare utdanning, helst innan HR og organisasjonsutvikling
- Har god digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg fremstillingsevne
- Smidig, initiativrik og sjølvgåande
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Hos oss er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
dersom du ønskjer å høyre meir om stillinga kan du kontakte HR direktør Eirik Rostad Ness, tlf 95 12 25 83.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6809 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
HR, Rekruttering, Leiarstøtte, kompetanseutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397548024
- Sist endret